rutehefte-300I dei første rutene til Amtsbåtane var det berre Florøen som var rutestopp. Distriktet var nærmast tettstadlaust med Rognasldvåg som den nest største tettstaden. Kring 1920 var det blitt nitten stoppestader og det var kring 1600 menneske som sokna til båtstoppet i Florø. Leversund hadde 100, Barlindbotn 90 og Eikefjord 800. Då Amtstinget i 1895 handsama krav om betre rutesamband i Høydalsfjorden, Eikefjorden, Norddalsfjorden, Kinn og Bremanger påpeika direksjonen at trafikken som var i dette disktriktet gav dampskipene betydelege tap.

Dei fleste av båtrutene blei avvikla i takt med vegutløysing. I 1957 kom det signal frå Fylkesbåtane at det var så lite trafikk over Eikefjord at staden kunne sløyfast. Dette utløyste protest frå Eikefjord kommune. Eikefjord hadde lenge hatt vegsamband med Florø, men å sløyfe Eikefjord i rutene fann kommunestyret gode grunnar til  å gå imot. Året etter vart Eikefjord sløyfa med unntak av ruta til Florø søndag kveld, der båten gjekk frå Eikefjord kl 1615 og var i Florø 2130. Ruta Florø-Høydal-Florø hadde stopp i Barlindbotn til det også kom vegutløysing der.

eikefjord-300Eikefjord.

Stoppestaden var først på Sørbøbrygga. I 1950-åra vart den flytta til Langedalskaia.
Eikefjord kom først med i ei nordfjordrute i 1877, der denne ruta tok med seg Svortevik og Eikefjord før og etter Florø. Seinare kom Eikefjord med i ei Sunnfjordrute og i dei særskilde lokalrutene mellom Florø og distriktet.

Barlindbotn.

Barlindbotn fekk stoppestad i 1914, og det sokna knappe 100 menneske til denne stoppestaden. Første ekspiditør var Ludvig M. Kalsvik. Det var Balder som var første båt i rute til Barlindbotn, og seig 6. april inn på bukta der ekspedisjonsbåten låg klar. Gamle Balder blei møtt med salutt, grenda sitt første møte med Fylkesbåtane skulle ikkje gå upåakta hen. Barlindbotn fekk kai i 1946. Etter 56 år som stoppestad vart Barlindbotn nedlagt, då bygda hadde fått vegsamband. Det var "Sendingen II" som avslutta dettte kapittelet den 29. mai 1970.

Leversund

Leversund finn ein først i stoppestadoversikten frå 1893, og staden kom nok inn i Balder si lokalrute mellom Florø og Eikefjord på denne tida. Leversund hadde sin plass i lokalrutene også i etterkrigstida.

Osen

Svardalsosen var med i lokalruta mellom Florø og Høydalsfjord under krigen og i 1950 åra.

 

Kilde: Dampen og kaia.

 

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd