20110531-250-bjornBjørnehistorier frå Eikefjordtraktene er det ikkje så mange av sjølv om det var to observasjoner av bjørn hitt året.

Dette er ei historie frå sommaren 1892 som stod i Amtstidende og som Jostein Midtbø har gitt ny språkdrakt og gjenngitt i Flora-minne 2001.

”Denne regnfulle og tåkefulle sommaren har vi her i Eikefjordsdalen hatt besøk av skogens konge og dronning, samt to håpefulle prinsar eller prinsesser; drakta er nemlig så lik at det ikkje er så lett å avgjere forskjellen på litt avstand. Familien hadde tatt – sannsynligvis midlertidig - opphold under ein stor stein under skråningen av eit temmeleg høgt fjell som heiter Endestadnova. Der kunne dei midt på lyse dagen nyte den praktfulle utsikten og på same måte i uforstyrra ro ta seg ein behageleg middagslur. Og deretter i mulm og mørke den påfølgjeande natt ta seg ei jaktutflukt etter bygdas fåreflokkar og slik få seg nokre steiker til husbehov. Kor lenge familien har hatt tilhold på denne plassen er ikkje godt å vite.

Men torsdag den 8. september vart familien ”under sin søde midddagshvile” temmeleg ubehageleg og neppe i beste hensikt forstyrra av Absalon Ramsdal og sonen Mads og Ole Svarthumle. Desse karane våga å gjere erstatningsansvar gjeldande ovafor ”det høye Herskab” for dei sauene dei hadde drepe. Men så snart bjørnemor skjønte at dei fekk besøk av framande, kravla ho ut av holet. Og då ho sannsynlegvis trudde at dei ikkje forstod bjørnespråket, som ikkje nett klang vidare vakkert, let ho med tydlege ansiktsminer og geberder til kjenne at dei ikkje var innstilt på å ta mot audiens på den tid av døgnet.

Ole og Absalon, som hadde gått ned til steinen der bjørnefamilien låg, vart nok temmeleg overraka over plutseleg å befinne seg ansikt til ansikt med den temmeleg gretne binna. Absalon si rifle klikka, og Ole sitt skot gjorde heller ikkje særleg virkning. Den såra bjørnen reiste seg på bakbeina og beit Absalon over eine armen. Armen vart temmeleg stygt medfaren. Men med det same gav Ole bjørnen eit slag over nakken med rifla si. Det hadde sin virkning. Bjørnemora kasta seg nedover fjellet og ned i ei skor lenger nede. Og mens dette pågjekk, fekk dei tre andre anledning til å ta flukten.

Mads, som hadde lagt seg i skytestilling lenger oppe, skjønte at situasjonen var alvorleg då han høyrde farens skrik og kvininga frå bjørnen som for ned fjellsida. Han måtte prøve å komme Ole og faren til unnsetning. I frykten for jaktkameratane ensa han knapt dei to ungbjørnane som sprang forbi han på kloss hold. Men då han kom ned til dei andre, hadde dei allereie utkjempa kampen mot binna.

Den vaksne hannbjørnen hadde tatt ein annan veg enn ungan bort gjennom det bratte fjellet. Men sjølv ein bjørn tykte det her var uframkommeleg. Difor kom han tilbake eit stykke. Men då han nok såg det som mogeleg å komme heilskinna forbi dei tre jegarene, tok han igjen sjansen på å komme seg unna same vegen han først prøvde på, og no greidde han det. For jegarane var det umogeleg å forfølgje han.

Dei tre jegerane forsøkte no å komme seg ned i fjellet for å leite etter bjørnemor. Dei kom seg også vel ned, men fann ingen bjørn. Og då dei no fekk tenkt over kor farleg det var å søkje etter ein såra bjørn med kun eit skot igjen – og ein avgrunn under seg -, gav dei seg og drog heim – visse på at bjørnen aldri kom seg levande frå den staden dei no var.

Neste dag drog Ole, Mads, broren Anders og Johan Svarthumle avstad igjen, og no for endeleg å gjere det av med bjørnen som måtte vere i fjellet. Og dei trefte bjørnen. Men så snart han vart var jegerane, kom han imot dei på ein måte som viste at han ville selje livet så dyrt som mogleg.

Med eit velretta skot frå Mads si rifle gjorde det slutt. Deretter rulla bjørnen utfor og ned i ei anna skor som var tilgjengeleg nedafrå. Her var det ikkje så bratt og farleg å gå. Og så kunne dei hente bjørnen som vog 160 kg.

Eg håper at desse jegerane gjer fleire forsøk etter bjørnen – her er nemleg nok igjen av desse udyra – og eg ønskjer at dei også då må ha lykka med seg. Av denne historia har dei nok tilegna seg ein heil del erfaring som bjørnejegerar.»

Historia er underteikna F.

20110531-525-endestadnipa

PS! På folkemunne seiest det at den siste bjørnen skoten i Eikefjord var oppe i Bjønnaskora omtrent der som vist på bildet ovanfor.
Det kan og nevnast at Bjønnabotn er tilgjengeleg nedanfrå vatnet.

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd