Undervisning i kyrkja

I eldre tider hang undervisning og religion uløyseleg saman. Då kyrkja etablerte seg som samfunnsmakt tidleg i mellomalderen, vart det viktig å gje folk basiskunnskap om religionen. Frå andre halvdelen av 1200-talet var det ein regel at alle som var eldre enn sju vintrar, skulle kunne truvedkjenninga, Fader Vår og AveMaria.

Omgangskulen
Den sterkt religiøse kong Kristian 6. innførte tvungen konfirmasjon i 1736 og obligatorisk allmugeskule i Norge ved forordningar i 1739. Som lærarar skulle det tilsetjast folk som var frå bygda, som var vane med levemåten og kosten, og som forstod sin kristendom og kunne lese og skrive.

Dei første skulevedtektene
I Kinn prestegjeld fall det på den unge, nye soknepresten Sigvard Brarup å leie arbeidet med skulevedtekter - skulefundasen. 14. Juni 1743 kom han og seks framståande bygdemenn saman i prestegarden for å signere og setje seglet sitt under regelverket, som hadde tittelen «Indretning til Omgaaende Skolehold udi Kinds Præstegield».

Dårleg skulestell
Også dei følgjande prestane klaga seg over forholda. Ferdinand Treu skreiv kvart år (1782-1784) at skulevesenet i Kinn var i den uslaste tilstand, men det ser ikkje ut til at han gjorde noko med det sjølv. Claus Finde, som kom i 1785, skreiv at det ikkje fanst noko skulevesen i det heile. Fleire av rapportane hans enda berre med ordet "beklager».

Men trass i satsing på skulen let resultata vente på seg. I 1835 blei det oppgjeve at det fanst 637 skulepliktige i Kinn prestegjeld, men berre 59 av desse lærte å skrive og seks å rekne. Framleis var det mange foreldre som ikkje sende barna sine til skulen, og påstod at dei lærte dei opp heime. Særleg ille vart forholda rapportert å vere i Eikefjorden – her var det ofte forsøming av skulen, og særleg mange føresette som heldt barna sine heime. I dette distriktet trefte ein også på ungdommar i 20-årsalderen som endå heldt på med si første elementærundervisning

Skuledistrikt 6
Frå Eikefjorden -skuledistrikt nr. 6 i Kinn -finst det bevart ein skuleprotokoll som er ført frå og med 1838, og på basis av denne kan vi følgje skulen og læraren sin årsrytme. Skuledistriktet hadde fire roder.

Vasset, Svardal, Sunnarvik og Knappstad.
Eikefjord, Hovland, Kvalvik, Tonheim og Tonheimslia.
Eikevoll, Sørdal, Øyra, Endestad og Løkkebø.
Ramsdal, Humlestøl, Svarthumle, Seterli, Agledal og Langedal.

I kvar rode heldt læraren skule i 48 dagar årleg, fordelt på åtte veker med seks dagar skule i veka. Etter han var ferdig med ei rode, vandra han vidare til neste for å halde skule der. Totalt heldt han skule i 32 av årets veker.

Omgangsskulen skulle framleis vere det vanlegaste på bygdene til langt utover på 1800-talet. Ei ny skulelov frå 1827 sette som mål at det skulle vere fast skule ved hovudkyrkja i kvart prestegjeld, men dette blei ikkje realisert i Flora.

Lov om Folkeskolen paa Landet. Stockholms Slot den 26de Juni 1889.
Lov om folkeskolen på landet blei vedtatt på Stockholm slott den 26. juni 1889. Lova slo fast at det i alle herad skulle vere 2 delte folkeskular. Kvart herad skulle delast inn i skulekretsar der det skulle vere ein skule.

Denne lova gav fortgang i den storstilte skuleutbygginga som ein fekk i Eikefjord. Det vart bygt tilsaman sju grendaskular som igjen blei lagt ned når sentralskulen i sentrum blei bygt.

skuledistrikt 1788
Skuledistrik i Kinn 1788.

 

Kilde: Florasoga, Fylkesarkivet Sogn og Fjordane.
Florasoga har mykje generell informasjon om skulestellet i eldre tider.

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd