Då Barlindbotn vart nedlagt Eikefjord-Mathias Kalsvik-150som postopneri i 1970, gjekk Mathias Kalsvik inn i stilling som landpostbod på strekningen Eikefjord – Barlindbotn – Hopen – Høydalsfjord – Nyttingnes – Sandvik etter kvart som desse poststadane vart lagde ned.

Du kan lese om desse postopneria i "Posten i Flora" av Bjarte Sindre

Mathias Kalsvik overtok også ruta Eikefjord – Leversund når han starta som landpostbod frå Eikefjord postkontor. Etter tre år bytte han med Torleif Endestad så Mathias overtok Eikefjord – Steindalen/Osen.

.

Eikefjord-Mathias rute-250Det var ei arbeidskrevjande rute med mange stoppestadar og stadig aukande postmengde. Mathias hadde denne stillinga til 1996. Løna var ikkkje mykje å skryte av. Bil måtte han halde sjølv. Klarte han å køyre skadefritt, hadde han ein del att for bilhaldet. I dei 26 åra han var landpostbod, hadde han ikkje eit einaste uhell.

Kilde og bilde: Posten i Florø - Bjarte Sindre.

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd