Utarbeidd til Jubileumsfesten 25. november 1993 av Maren Hovland.

 

Eikefjord skule 1993

Eikefjord sentralskule – frå 11 skulekrinsar til ein.

Før 1923 var Eikefjord ein del av gamle Kinn kommune som då var den største kommunen i Sunnfjord, og som femnde om Kinn, Bru, Eikefjord og Bremanger.
Bremanger vart skild frå som eige herad alt i 1863. I 1923 vart storkommunen delt i 3: Kinn, Bru og Eikefjord.
Eikefjord var eigen kommune 1923 – 1964. Då vart, som vi veit, Kinn, Bru, Eikefjord og Florø slegne saman til ein ny, stor kommune, som fekk namnet Flora. Eikefjord kommune låg kring den indre delen av Eikefjorden, og i dalane austanfor. Folketalet var på godt og vel 1000, og busetnaden var spreidd. Vegsambandet var lite utbygd.
Kommunen hadde 7 skulekrinsar, og i alle krinsane var det bygd skulehus. Det eldste av desse gamle skulehusa sto i Eikefjord skulekrins, og var pussig nok bygd i 1863. 100 år før noverande skule sto ferdig.
Teoretisk framhaldskule var innført i 1948. Den hadde ikkje nokon fast tilhaldsstad, men ambulerte mellom Tonheim og "Samlingsheimen" ved Storebru.
Eikefjord skule er i dag sentralskule for 11 tidlegare skulekrinsar, og det er kanskje den hardaste skulesentralliseringa som er gjennomført i Sogn og Fjordane. Over halvdelen av elevane kjem med skulebuss. Dei som bur lengst vekke, har ei køyrelengd på ca 44 km, tur/retur.
Desse skulekrinsane er med:
1. Eikefjord skulekrins
2. Tonheim skulekrins
3. Barlindbotn skulekrins
4. Sunnarvik skulekrins
5. Langedal skulekrins
6. Svarthumle skulekrins
7. Løkkebø skulekrins
8. Svardal skulekrins – Bru kommune. Vegen Vasset/Svardal var ferdig. Barna i Steindal gjekk på skule i Svardal. Bru og Vevring søkte om overføring av desse barna til sentralskulen i Eikefjord.
9. Steindal skulekrins.
10. Grov/Leversund skulekrins. (Valde Eikefjord skule då Bjørnset skule vart nedlagt.)
11. Høydalane skulekrins. (Valde å søke skule i Eikefjord ved krinsrøysting i 1983).

Men lat oss sjå nærare på

Arbeidet fram mot ny skule ...

Alt i 40 – 50 åra var det krefter i gang for å skaffe nytt skulehus til Eikefjord skulekrins.
Gamleskulen var for liten. Eine klasserommet var dårleg. Leikeplassen var liten. Det var ikkje mogeleg å utvide. Skuleanlegget låg elles altfor nær den nye riksvegen Flora – Førde.
Denne vegen skapte elles vanskar for fleire av skulane i Eikefjord. I Svarthumle skulekrins kom vegen endå inn på skuleplassen.
I 1953 rådde skulestyret kommunen til å bygge framhaldskule saman med barneskulen.
Tanken å bygge ein sentralskule for heile Eikefjord kommune, vart først teken opp av skuledirektøren i Bjørgvin. Han ba skulestyret ta saka opp i alle skulekrinsane. Dette blei gjort, og alle krinsane med unntak av ein, Langedal skulekrins, gjekk inn for sentralisering. Langedal skulekrins ville ha to skular, ein i Langedal og ein i Eikefjord.
Ein kan undrast over at ikkje sentraliseringstankenSkulebussSkulebussane var ein sentral del av kvardagen til Elevane ved Eikefjord Skule møtte større motstand i krinsane, og grunnane kan vere mange:
Byskule og landsfolkeskule hadde hatt kvar si skulelov tidlegare, men i 1959 kom "lov om folkeskolen", ei sams skulelov for land- og byskular. Den fjerna ulikskapar mellom desse skulane med omsyn til ordning og innhald.
Heimkunnskap vart innført som fag.
Skulehusa i Eikefjord var 50-60 år gamle, nedslitne og dårlege.
Spesialrom til dei nye faga fantes ikkje. (Skulekjøkken, forming).
Utstyret var lite tidhøveleg.
Etter krigen var det stor lærarmangel. Det var vanskeleg å skaffe utdanna lærarar til dei små utkantskulane. I Eikefjord kommune var der born som gjekk ut av skulen utan å ha hatt utdanna lærar.
Vegsambandet tok til å bli bra utbygd, så ein ville kunne køyre borna til skulen frå alle krinsane, så nær som ein – Barlindbotn krins. Her vart det båtskyss fram til 1970, då vegen Sunnarvik/Barlindbotn var ferdig.
3/5-1956 vedtok Eikefjord heradstyre, med 10 mot 2 røyster, å skipe ein sentralskule for folke- og framhaldskulen i kommunen.
20/6-1956 kalla skulestyret inn til krinsmøte for heile kommunen. Her vart det – med stort fleirtal – vedteke at den nye sentralskulen skulle ligge på tomta hos Martin Eikefjord.
21/9-1956 sak 147: Vedtak i kommunestyret: "Formannskapet får løyve til å kjøpe minst 5 mål jord hos Martin Eikefjord, til tomt til sentralskulen."
Det blei seinare kjøpt inn minst 1 mål jord i tillegg. Arkitektfirmaet Ole Halvorsen i Bergen, vart leigt til å teikne og kalkulere bygget.

Prisen vart berekna til 1,1 mill korner.

Finansieringsplanen for bygget var slik:

  Tilskot frå fylket  kr  375.000
  Avsett og løyvingar over kommunebudsjettet  kr   177.000
  Lån i kommunalbanken  kr  600.000
  I alt  kr  1.152.000

 
Det synte seg seinare at ein klarte få skulen ferdig bygd for 1 mill. kroner – 100.000 lågare enn kalkylen.

Til byggenemnd var vald:
frå krinsen: Mathias Kvalvik, vara Arne Hovland.
Skulestyret: Alf Svarthumle, vara Anders Tonheim
Kommunen: Alfred Høyseth, vara Arnljot Langedal
Formann i byggenemnda, Matias Kvalvik, var pålagt å ha dagleg tilsyn med byggeverksemda.


Følgjande firma hadde arbeidsoppdraga:

  Råbygg / betongarbeid / arbeid leikeplass: 
Elektriske anlegg:
Sanitæranlegg:  
Mur og pussearbeid:
Tømrararbeid:
Smedarbeid:
Snikkararbeid:
Glasmesterarbeid:
Blikkenslager/Ventilasjon:
Målararbeid:
Golvbelegg:
Andreas Hjelmeland, Førde
Holmedal Elektriske
Brødrene Eliassen, Florø
Olav Lien, Bygstad
Brødrene Hjelmeland, Førde
Olav Havn, Eikefjord
Erik Hamn, Eikefjord
G Rognaldsen, Bergen
Henrik Nygård, Florø
Angel Solheim, Viksdalen
Ulltang Målarverksemd, Førde

Grunnarbeidet var vanskeleg. Under gymnastikk-salen måtte det støypast ned 8 – 9 meter lange betongsøyler før dei nådde fast grunn.

På trass av mange vanskar, var bygget såpass ferdig i Eikefjord skule 1984Skulen i Eikefjord før siste utbygging1961 at framhaldskulen kunne vere der vinteren 1961/62. Laila Steindal vart tilsett som lærar for klassen.


Innbu og utstyr vart dels kjøpt nytt, dels flytta frå krinsskulane. Lilly Vasset, Nicolai Lien og Harry Hovland vart valde til innkjøpsnemd.
Ei tok til å forebu vigsling av nyeskulen, og ei nemnd blei nedsett til å ta seg av planlegginga.
Med i denne nemda var:
Erik Dreyer Hovland
Johannes Knapstad
Aslaug Aalen
Magnhild Løkkebø og
Hjalmar Jolaeik.
Olga Standal og Hilmar Øvrebø hadde ansvar for maten.

29. juli var vigslingsdagen

Skuledirektør Halgeir Furnes, første Asbjorn AamotAsbjorn Aamot, rektor 1962 - 1967skuledirektøren i det nyskipa Sogn og Fjordane skuledirektørembete, føretok vigslinga.
Det var ein stor dag for kommunen, som hadde teke eit kjempeløft. Ein liten kommune med eit kommunebusjett på vel 400.000 kroner hadde fått reist eit skulebygg til 1 mill kroner.
Ordførar i den tida var Alf Svarthumle. Varaordførar var Erik Dreyer Hovland, skulesjef Nicolai Lien og skulestyreformann var Asbjørn Aamodt.
No stod det ferdig med 7 klasserom, gymnastikksal m/scene, sløydsal, handarbeidsal, naturfagsal, skulekjøkken og bibliotek. Bygda hadde fått eit tidhøveleg skulebygg. Alt var laagt tilrette for å gje ungane best mogeleg vilkår for læring og utvikling.

Folkebad
Det nye skulebygget ga og rom til eit folkebad med sauna, karbad og dusj.
Badstova var open ein ettermiddag kvar veke. Tilbodet gjeld framleis.

Ny skule – større aktivitet i bygda.17mai skulenSkulenplassen er også festplass


Skulen vart snart teken i bruk til ymse aktivitetar utanom skuletida.
Gymnastikksalen med scene vart nytta som forsamlingslokale og festsal for bygda. Festlege samkome, basarar og stemne vart lagde hit.

Sentralskulen er det naturlege sentrum for 17. mai-feiringa i bygda. Noko av det finaste å sjå er når barnetoget med flaggborg og skulemusikk i brodden togar frå skuleplassen til kyrkja. Heile dagen er skulen då fylt med festkledde og feststemde menneske.
Skulen er ikkje berre feststad for bygda – han fungerer også som «idrettshall». Alt 24. november 1964 vedtok skulestyret ordensreglar for leige av gymnastikksalen ved Eikefjord skule. Eikefjord Idrettslag hadde fått løyve til å bruke gymnastikksal, garderobe og dusj til trening 2 kveldar for veka i vinterhalvåret.
Eikefjord Skulemusikk, som vart skipa i 1967, hadde frå første stund faste øvingskveldar på skulen.
Ymse lag og organisasjonar har skipa ymse kurs, og det har vore vanleg å ha dei på skulen. Ser har vore kurs i baking og steinsliping, keramikk og porselensmåling, rosemåling, blomedekorering og mange, mange fleire.
To ganger har tilhøva vore lagt til rette, slik at vaksne har fått undervisning på grunnskuleplan. 16 vaksne har teke 9-årig grunnskuleeksamen her.
Shalom Barnekor og kyrkjekoret har hatt faste øvingskveldar ved skulen.
Etter at kommunen i utleigereglane for skulehus, vedtok at alle lag og organisasjonar som arbeidde i kommunen vederlagsfritt kunne nytte skulehusa etter skuletid, har skulehuset i Eikefjord vore fylt av aktivitetar kvar ettermiddag frå kl 16 – 21.

Ny skule – Nye pedagogiske utforringar i norsk skule.Haldis HovlandHaldis Hovland, rektor 1966 - 1967
Heile skuleverket var i støypeskeia frå 1950-åra. I 1955 vart kommunane pålagde å gje undervisning til funksjonshemma elevar. I 1975 vart kommunen sitt ansvar utvida. Funksjonshemma elevar hadde same terr som andre til tilpassa undervisning.
I 1959 gav styresmaktene heimel for forsøk med 9-årig skule. Intensjonane med lova var å gjere skuletilboda mest mogleg like for alle – same kvar dei budde i landet.
Alt i 1961 hadde skulestyret i Eikefjord rådd kommunen til å gå saman med Kinn, Bru og Florø og prøve å få til ein linedelt ungdomsskule i Florø.
I Florø koommune vart det arbeidd med å få til 9-årig skule etter kommunesamanslåinga. I 1966 tilrådde dei at det var bygd ein ungdomsskule for heile kommunen, med skulestad Havreneset.
Men i sak 205/70 står det at skulestyret meiner at Eikefjord med tida må få sin eigen ungdomsskule.
På møte 4.11.71 valde Flora skulestyre Jostein-MidtboJostein Midtbo, rektor 1967 - 1973ei nemnd til å greie ut spørsmålet om eigen ungdomsskule i Eikefjord.
Med i nemnda var Haldis Hovland, Harry Hovland, Arne Aase og Jostein Midtbø.
24/2-1972 la nemnda fram tilrådinga si, der dei gjekk inn for eigen ungdomsskule i Eikefjord.
Skulestyret slutta seg samrøystes til vedtaket. Skuledirektøren hadde ingen merknader til vedtaket. Saka passerte bystyret 24/3 1972. Også bystyret gjekk inn for nemnd-tilrådinga. Det vart gjort vedtak om at Eikefjord skulle få 8. klasse frå 1972 / 73 og 9. klasse frå 1973 / 1974. Så våren 1974 vart fyrste ungdoms-skuleklassen utskriven frå Eikefjord skule. Berre ein klasse frå Eikefjord har gått på Flora ungdomsskule. Våren 1994 vil i alt 435 elevar ha teke grunnskuleeksamen i 9-årig skule ved Eikefjord barne- og ungdomsskule.
Skulen får også ungdomsskuleelevar frå Steinhovden barneskule.
Både integrering av funksjonshemma elevar og innføring av 9-årig skule sette større krav til romsituasjonen.
Til spesialundervisninga måtte ein Karl J HaanesKarl Johan Haanes, rektor 1973 - 1978ofte ta elevar ut til einetimar. Grupperom fantes ikkje. Paralellegging av fag, ein metode for å kunne gje den einskilde eleven meir hjelp, vert mykje brukt. Til slike timar må ein ha dobbelt så mange klasserom.
I ungdomsskulen kunne ein ha 11-16 timar valfag. Då var elevane delte i grupper etter kva fag dei valde. Kvar gruppe måtte ha sitt rom. På skulen føregjekk der undervisning over alt – jamvel i korridorar og på lærarrom.
Eikefjord sentralskule, 10 år gammal, «dimmensjonert» for 7-årig folkeskule med godt 100 elevar og 7-8 lærarar – var med eitt mykje for liten!
Med innføring av ungdomsskulen hadde ein fått ein fulldelt barne- og ungdomsskule med eit elevtal på omlag 170 elevar og ei lærarstab på 17-18.
Personalrom og materialrom vart for små, og ein mangla klasserom og grupperom.
Rektor Karl J. Haanes, klaga til kommunen og peika på problema. Flora skulestyre gjorde i sak 13/74 Maren HovlandMaren Hovland, rektor 1978 - 1993vedtak om å setje ned ei nemnd til å vurdere utbyggingstrongen ved Eikefjord skule. Med i nemnda var Karl J Haanes, Maren Hovland og Kolbjørn Løken. Nemnda sende resultatet av arbeidet til Flora skulestyre 31.10.74.
Ingen ting hende, og det vart klaga til arbeidstilsynet. I 1980 kravde staten at det blei utarbeidd ein tidfesta arbeidsplan «for å få arbeidsplassen Eikefjord skule i samsvar med dei krava arbeidsmiljølova set.»
Kommunen hadde ikkje økonomisk evne til å få gjort noko. Men det vart sett ned ei lokal nemnd med representantar frå skule, kulturstyre, idrettsalg og foreldre til å arbeide vidare med saka.
Med i denne nemnda var Olav O. Endestad, Maren Hovland, Reidar Høyset, Aslaug Kvamsås Aa, Berit Tungeland Sørbø og Torleik Stegane.
Noko av det fyrste nemda gjorde, var å rådføre seg med ymse arkitektfirma. Til slutt vart arkitekt MNAL Olav Hovland vald. Han blei beden om å utarbeide ein heilskapleg utbyggingsplan for Eikefjord skule. Olaug VassebotOlaug Vassebotn, rektor 1993 -På skulestyremøte 10.06.82 la arkitekten fram resultatet av planarbeidet. Det var ein detaljert utbyggingsplan i 7 deler til 4,4 mill 1982-kroner. På skulestyremøte 18.02.84 – sak 18 vart gjort dette vedtaket:
«Undervisningsutvalet i Flora bed om at fyrste byggesteg for Eikefjord skule vert utført ved hjelp av sysselsetjingsmidlar. Ein viser til planarbeid utført av arkitekt Hovland.»
Formannskapet følgde opp vedtaket som undervisningsutvalet hadde gjordt. Då dei skulle prioritere tiltak i «kommunepakke II» (Rettedalspakka) kom tilbygg Eikefjord skule, 95 månadsverk, 2 mill kroner med.
Tilbygget til skulen var ein ny klasseromsfløy med 3 klasserom med grupperom og toalett. Bygget var ferdig våren 1985, og har sidan tent som klasserom for småskulen. Det har vore med å gje dei små ein tryggare og betre skulestart.
Men personalromma var framleis for små. Arbeidsplassar for lærarar fantes ikkje. Administrasjonen heldt til i kjellaren i motsett enda av lærarrommet, noko som gjorde arbeidssituasjonen særs vanskeleg.
I 1989/90 vart dei 2 klasseromma nærast lærarrommet ombygde til personal-, arbeids, materialrom og kontor for administrasjonen. Inngangspartiet på trappa blei teke og ombygd til eit klasserom. Såleis iste ein berre eit klasserom. Leskuret på trappa måtte erstattast. Det blei difor bygd eit leskur, som batt den gamle og den nye klasseromsfløyen saman.
Ombygging pågår framleis på skulen. For å få frigjort rom til boksamlinga, som no er plassert på gangen, flyttar ein tekstilforminga ned på sløydformingsavdelinga. Når siste ombygginga er ferdig, vil skulen ha bibliotek, ein trangare formingsavdeling og 9 klasserom.

Førskulen.
Eikefjord skule har hatt tilbod for 6-åringane i 19-20 år. skuleklasse9. klasse ved Eikefjord skule i år - fotografert i 1985 då dei starta i 1. klasseK.J. Haanes, som var rektor på skulen då ungdomsskulen vart innført, var også spesialpedagog. Han visste kor viktig det var for borna å vere litt kjende med skulemiljøet før dei tok til i 1. klasse. Det ville skape større tryggleik hos borna, og om mogleg kunne få til hjelpetiltak før dei starta lese og skriveopplæringa – dersom det var naudsynt. Då ungsomsskulen blei innført, tilbaud han eit valfag som heitte førskule.
6-åringane fekk 3 timar for veka på skulen. Elevar i 9. klasse var med, og det heile var styrd av ein sopesialpedagog. Tiltaket vart svært populært hos ungar og foreldre. Førskulen lever framleis, sjølv om organiseringa er ein anna. Dei siste åra har førskulen vore eit resultat av eit samarbeid mellom skule, heim og barnehage.

Eikefjord skule – dagleg drift
Personalet:
Rektorane på Eikefjord skule:
Asbjørn Aamot 1962-1967
Haldis Hovland konstituert 1966-1967
Jostein Midtbø 1967-1973
Karl J Haanes 1973-1978
Maren Hovland 1978-1993
Olaug Vassbotn 1993-

Lærarar som er/har vore tilsette ved Eikefjord skule:
1. Laila Steindallerarane 1993Lærarkolegiet ved Eikefjord skule i år
2. Magnhild Løkkebø
3. Erna Aalen
4. Haldis Hovland
5. Lilly Vasset
6. Maren Hovland
7. Mathias Aa
8. Aslaug Kvamsås Aa
9. Sverre Knapstad
10. Vigdis Solberg
11. Brynjar Svardal
12. Solveig Endestad Svardal
13 . Aud Kvamsås
14. Jan Hovland
15. Sigbjørn Holsen
16. Jarle Nyttingnes
17. Anna Hope Heimset
18. Ingrid Opdøl
19. Torleik Stegane
20. Trud Nybø
21. Wenche Veievåg Tveit
22. Solveig Maude Leine
23. Mari Melvær Vadøy
24. Kåre Alme
25. Jorunn Nyttingnes
26. Albert Leirvik
27. Grete Lerfaldet
28. Ingemund Alvestad
29. Kari Vårdal.

Vaktmeistarar:
Henrik Svortevik 1962 – 1986
Albert Hamn 1986 -

Reingjeringspersonale:
Inga Svortevik
Olga Sørbø
Ingrid Agledal
Olga Hovland
Marit Frammersvik
Bjørg Agledal

Elevar:
Framhaldskulen 1961/62 var dei første som tok skulen i bruk. Lærar var Laila Steindal.
Første folkeskuleklassen på nye Eikefjord skule. 7. klasse 1963/64 – Lærar var Magnhild Løkkebø
Elevtalet ved skulen har vore 160 – 170. Elevtalsprognosen viser at elevtalet vil halde seg jamnt framover.

Avgangselevar:

258 elevar har teke eksamen i 7-årig grunnskule.
406 elevar har teke eksamen i 9-årig grunnskule.
16 voksne har teke eksamen i 9-årig grunnskule.


Eikefjord skule – fram mot år 2000
Tidsmaskina rullar stadig vidare – no fram mot år 2000. Skuleverket er i stadig utvikling.

Kva utfordringar ventar?
Nokre av problema Eikefjord-området må løyse , kjenner ein alt.

Skulefritidsordninga
er eit tilbod til alle skuleborn under 10 år om å få vere på skulen kvar dag frå kl 08.00 – 16.00 om naudsynt. Dei skal og ha tilbod om hjelp til lekselesing og aktivisering til leik og arbeid.

Store barnekull
I følgje elevprognosen for året 1996, vil Eikefjord skule få 30 nye 1. klassingar. Dersom dette slår til, vert det klassedeling, og skulen har eit klasserom for lite.

6-åringane inn i skulen.
Styresmaktene har alt bestemt at 6-åringar skal inn i skulen innan 1997. Førebels er det berre 9-årig skuleplikt, men det vert arbeidd med å få innført også eit 10. skuleår. Dersom dette vert gjennomført, og det er truleg, har ein nok eit klasserom for lite.

Utvida skuletid
Frå 1. januar 1994 er skuleåret forlenga med ei veke for lærarar og elevar, og lærarane si arbeidstid vil bli bunden til arbeidsplassen i større grad enn før. Ein må då rekne med at alle lærarane må få ein skikkeleg kontorarbeidsplass på skulen.
Alle desse nye tiltaka er plasskrevjande. Siste ombygging/utbygging er sikkert ikkje gjennomført på Eikefjord skule enno. I kommunen sitt investeringsbudsjett, er det rekna med 3 mill korner til ombygging / utbygging av Eikefjord skule i 1996.
Lat oss elles få komme med eit ønskje for skulen. Lat det ikkje gå så lang tid før ein får bygd symjebasseng ved skulen. Slik det no er, får elevane ved skulen berre 12 timar med symjeopplæring på 9 år, og det er altfor lite.

Ein vil til slutt ønskje Eikefjord skule, med elevar og personale, lukke til vidare

Måtte skulen lukkast i det viktige arbeidet den er pålagd – saman med heimen – å gjere elevane til sjølvstendige og gagnlege menneske i heim og samfunn!

kart skulehefte

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd