Eikefjord - Vasset

I 1853 sende Abraham Nielsen Vadsæther søknad til Kinn herred om bygging av veg frå Eikefjord kirke til garden Sunnarvik og videre derfrå til garden Vadsæther. Søknaden blei avslått.
I 1886 prøver A. Vadseth seg. Han ber veiingeniør Borch om å måle opp vegen Vasset – Eikefjord. Herredstyret kan ikkje anbefale denne oppmålinga.
I 1887 ber A. M. Vasseth med fleire om herredets bistand til å beordre veiingeniøren til å besiktige og kostnadsberegne veg frå Vasseth til Eikefjord. Herredet vedtar at de vil be veiingeniøren å befare og kostnadsberegne vegen.

6.februar 1900 sende gardbrukar Anders Abraham Vadset eit brev til fylkesmannen. Med brevet følgde fråsegn frå prest, doktor og lensmann i dåverande Kinn kommune. Brevet var ei bøn om å få statsstøtte til vegsambandet Vasset-Sunnarvik-Eikefjord. Eit av argumenta var den flotte skogen som kvart år rotna bort avdi det ikkje var råd å komme til for å transportera tømmeret fram. Vegen, skreiv han, ville ikkje berre vera til glede for bygda Vasset, men og dei som budde i Sunnarvik, Svardal og Steindalen. Til saman ville 200 menneske tena på vegutløysinga. Auka mjølkeproduksjon var eit anna argument, med tanke på på eit kommande meieri i Eikefjord.
Vegen hadde betydning for 20 matrikulerte bruk med en skyld på ca 30 mark. Den ville gårdane på Vasset i forbindelse med Sunnarvik der dei hadde naust og sjøboder.

Dersom dei ikkje fekk statsstøtte første året, ville bøndene ta opp eit lån for å forskottera vegen. Kontraktar med oppsitjarane vart underteikna i 1899, og vegsjef Borch gjekk inn for søknaden. Men av di fylkestinget alt hadde bede om statsbidrag til fleire bygdeveganlegg, ville ikkje fylkesmannen handsame saka det året.

I 1905 skriv herredet kontrakt med oppsittarane og garanterer for opparbeiding av vegen og ber om eit statsbidrag på 2/5 av kostnadane.

I 1912 ber Anders Vasset om at herredet må få vegen Vasset – Sunnarvik – Eikefjord må inn på amtsbudsjettet. Med 13 mot 9 stemmer ber herredet amtet om å få vegen inn på budsjettet.

Fylkestinget drøfta vegen Vasset-Eikefjord i 1912. Vegen var planlagd bygd i åra 1915-1920. Prosjektet vart framskunda til 1912, men vegarbeidet byrja ikkje før i 1914 frå Vasset. Fylkestinget vedtok at vegstykket Eikefjord-Vasset skulle byggast som ei sidelinje til Storebru-Eikefjord og at vegbredda skulle være 2,5 m. Ved endepunktet ved Eikefjord Dampskipsbrygge blei det bygd ein 146 m2 stor holdeplass.Ystetunet

I 1921 overtok herredet dei to første parsellane på Vassetvegen. Etter ønske frå bygda ber herredstyret om at navnet «Sørelva Bru» blir hogge inn i stein ved brua på Sørbøen. Stokkane til denne brua blei henta oppe i Kvia.

Den 14. august 1927 avslutta dei arbeidet ved kyrkja i Eikefjord.

Sentrum - Kirka

Vegen frå sentrum til Kirka er denVeg-Eikefjord-kyrkja eldste biten på denne vegstrekninga, men har nok vore i dårleg forfatning dei første åra.

I 1868 skreiv lensmann Lind med påtegning av veiinspektør Christiansen til herredet om tilstanden på eit veistykke ved Eikefjord kapell. Herredet svarte at kapellet var privat og veien for dei uvedkommande.

I 1878 beslutta herredet å overta vegen og vedlikeholdet når den var sett i stand av oppsittarane i Eikefjordsdalen. I 1881 bevilga herredet 60 kroner til ny bru over Eikefjordselva og vegen til kapellet.

I 1885 skreiv lensmann Lind til herredet at veistykket frå Bygdeveien til Eikefjord kirke var opparbeida og herredet kunne besiktige vegen.

 

I 1944 får Eikefjord kommune melding om at vegen Eikefjord – Vasset er omklassifisert til fylkesveg. Fylket bevilger kr 200 pr km og år til vedlikehold.

Vasset - Svardal - Osen

I 1858 beregner veiingeniør Christoffersen at et veianlegg ved Oselva vil koste 500 Spesidaler.

I 1878 ber Johan Svardal med fleire om at kommunen bidrar med midler til vei gjennom Oshammaren. Kommunen erkjenner at veien har stor betydning for oppsittarane i Osen og Svardal og bevilger midler, men meiner vegbredda kan reduserast frå 5 Alen til 4 Alen då ferdselen på denne vegen ikkje vil bli stor.

I 1879 overtar herredet vegen som offentleg bygdeveg.

I 1886 ber Kristoffer Svardal med fleire om at herredet overtar vedlikeholdet av eit veistykke ved Svardalsvatnet. Herredet overtar vegen dersom den er tilstrekkeleg opparbeida og legg den inn i den alminnelige vedlikeholdet i herredet.

I 1909 blir det oppnemt ein komite for å forhandle med Vevring om vegen Osen – Svardal. Steindal som var i Vevring kommune ville få stor nytte av denne vegen.

I 1917 vedtar herredet å  gå igang med veganlegget Osen – Svardal med arm til Vassetvatnet. Herredet garanterer for at oppsitterene yter sin del og at herredet overtar vedlikeholdet av vegen etter kvart som den er ferdig.

Under arbeidet med vegen til Vasset var det naturleg å tenkja seg ei vidareføring til Svardal, Steindal og Osen. Vegarbeidet byrja i 1919, og oppsitjarane forskotterte veganlegget. Frå 1919 til 1926 hadde dei brukt 21 000 kroner, men i 1926 stoppa anlegget ved ei større fjellskjering av di dei mangla pengar. Vegen var eit ledd i eit framtidig vegsamband frå Høydalsfjorden til Eikefjord. Først i 1959 var det samanhengande veg frå Vasset om Svardal til Osen.

Kilde: Fylkesarkivet
Det norske vegvesens historie, Bind III

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd