Florøy var ein av rutebåtane som traffikerte Eikefjord. Bildet viser Florøy som blir ekspedert av Matias Kalsvik utanfor Kalsvikane.

Floroy post-300I 1914 fekk Nordre Bergenhus Amts Dampskibe sine to første motorfartøy, «Florøy» og «Vaagsøy». Dei ruva ikkje samanlikna med selsapets sine dampskip, men varsla at ei ny tid var undervegs på fjordane.

10 april 1914 vart «Florøy» sett i rute kring Florø. Dei neste åra utførte motorbåten lokalruter frå Florø til Rognaldsvåg, til Bremangerpollen, til Norddalsfjorden og til Eikefjorden.

Seinare skifta «Florøy» og «Balder» å utføre lokalrutene rundt Florø. I 1917 måtte «Florøy» gå i opplag på grunn av mangel på olje og «Balder» overtok ruta inntil vidare.

Etter 1930 vart «Florøy» send til Sogn for å gå lokalruter der. Under krigen gjekk båten lokalruter mellom Sandane, Hyen, Ålfoten, Nordfjordeid og Hopland. Frå 1953 til 1959 gjekk den mjølkerute Hyen, Kleppenes, Skjerdalen, Hestenesøyra, Lote, Devik og Sandane.

«Florøy» kom tilbake til Florø. På ny tok blåten til å gå lokalrute på Eikefjorden og Høydalsfjorden, slik han hadde starta tenesta si 45 år tidlegare.

I september 1966 gjekk «Florøy» ut av rutene og ein annan gammal travar – leigebåten «Sendingen II» tok over rutene fram til dei vart lagt ned i 1970.

Kilde: 101 Fjordabåtar.

 

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd