I 1987 stod Norddalsfjordbrua ferdig som siste biten i eit ferjefritt vegsamband mellom Florø og Bremanger. Arbeidet tok til 1. august 1985, og brua stod ferdig 30. januar 1987. Avleverig skjedde 30. mai same året, då vegdirektør Eskild Jensen opna parsellen Grov - Straumsneset på riksveg 614. Det nye sambandet gav 3000 menneske i Bremanger og Norddalsfjorden ferjefritt samband med omverda. Ferja mellomHaukkå og bjørnset kunne innstille etter meir enn 21 års drift. Norddalsfjord bru er 404 m lang og 8 m brei, med fortau. Bruspennet er på 230,5 m.

Vegsamband med bru over Nordddalsfjorden blei foreslege alt i 1940, men i 1957 gjekk politikarane i staden inn for ferjesamband mellom Haukå og Bjørnset. Det var ein føresetnad at det skulle byggjast bru ober Norddalsfjorden, og fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i 1975 å byggje brua. Dette var i ein periode med romslege vegbudsjett, men tidene skulle endre seg. Frå kring 1980 stagnerte løyvingane til nye veganlegg. Dermed laut ein prioritere mellom dei anlegga som var planlagde og igangsette. Ei slik prioritering var knallhard i eit fylke med så mange uløyste vegsaker som Sogn og Fjordane, og førde med seg strid.

Kilde: På god veg, Veghistorie i Sogn og Fjordane.

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd