Gamle Øyravegen - Offentleg bygdeveg frå 1850 til 1925.

Gamle Øyravegen gjekk frå Knapstad til Øyra. Vegen er nesten helt intakt og er lett å følgje, berre ein finn starten på eit av endepunkta.

Ein kan rekne med at Gamle Øyravegen vart bygd frå 1845 og framover mot 1850, men det har nok vore ferdsel på denne strekninga lenge før det, då dette var den enklaste vegen ned til sjøen frå Endestad, Løkkebø og grendene vidare innover Nordfjord.

KART OEYRAVEGEN-525

På marka innanfor Hola (33), Garden (34) og Bøen (38) på Knapstad, nærmare bestemt Dikemyra (40), var vegdelet mellom vegen opp Eikefjordsdalen og Gamle Øyravegen. Vegen gjekk forbi husa på Øyra (179) og ned til Øyraberget (189) ved Endestadvatnet. Vegen er i følgje heradsstyreprotokollen 2612m lang.

Anders Simonsen Knabestad ga grunn til bygging av sidevegen til Øyra rundt 1845. Betaling fekk han i 1846/1847 då heradsstyret behandla rekningar frå bønder på Knapstad.

Lensmann Tyvold sende regning for Elias Nilsen som i 1850 avstod 240 kvadrat alen dyrka mark, og flytta eit eldhus i Løkkebødalen. Elias Nilsen var gardbrukar og sjølveigar på garden Øren.

Bildet er tatt av Leif Øren frå Øyrasida og viser eit bru-kar på land og eit bru-kar ute i elva. Ein kan så vidt sjå vegen til Endestad på den andre sida av Storelva. 

 525-bru endestadvatnet

Vegen startar helt nede på inste bøen til Garden på Knapstad. Den går over Dikemyra og ei lita steinbru over Høgåselva (41). Den følgjer åsryggen på beitet opp mot Florshaugen (171) og innover før den går inn i skogen ovanfor beitet. Her svingar den seg opp Øyrabrekka (172) til Knapstadhøgda (174) før den fortset inn til ei myr.

525-oeyravegen01

På Knapstadhøgda går det ein sti oppover som blir kalla Steinvegen (173).

Over myra innanfor Knapstadhøgda må ein halde litt nordaust for å finne vegen igjen ved Høgheia (175). Vegen fortset innover mot eigedomsgrensa mellom Knapstad og Øyra, som kallast Merke (176).

Nyttårsstormen i 1992 grov opp stokkane som vegen låg på over myra. Dei vart endereist og kasta ut av myra.

525-oeyravegen02

Ved Merke går det ein rideveg (177) innover til Øyraskora (186). Ridevegen går oppover ved grensa forbi både Nestelia (178) og Øvstelia (179) før den svinga innover mot Øyraskora. Folka i Øyraskora brukte denne vegen når dei skulle til Eikefjord.

Resten av vegen er enkel å følgje innover til Øyra. Øyrabakkane (181) ligg i fin natur langs Sagelva (180). Lengre nede finn ein Moldhola (182) der ein endå kan sjå merke i naturen etter molduttaket. Her er også vegdelet til ridevegen (183) som gjekk ned til brua (190) over til Endestad.

Vegen fortsette bortover mot Grinda (184) og Leitet (185). Grinda markerte skiljet mellom innmarka og utmarka på Øyra (188).

Frå Øyra til Øyraskora gjekk det ein bratt sti som vart kalla Slåtteskora (187).

På Øyra forsette ein rett fram over tunet og ned til Øyraberget (189) ved Endestadvatnet der det var enkelt å komme ombord i båtane.

I eldre tider var det bru frå Øyra til Fosshaugen på Endestad. Det er ingen som kan huske brua, men ho vart tatt av isen seier munnleg overlevering. Bru-kara står enno på elvebredda og i elva. I elva er dei synlege når elva er svært lita. Frå denne brua var det rideveg opp til Øyravegen.

 

Før det vart bygt bru, vil eg tru at det var sikrast for folk på Endestad - og folk opp gjennom dalen - å bruke Endestadvatnet for å komme seg over vassdraget. Storelva var for stor til å vade på vanleg vasstand, og på Endestad og Øyra var der båtar. Enno ser ein stien frå skytebana på Storebru til Endestad, og ein kan gå ut frå at det var sti like frå Ramsdalen.

Dei eldste som lever på Endestad no, rodde vatnet for å gå til Eikefjorden, vert det fortalt. Også dei frå Løkkebø og Nordfjord måtte ro vatnet.

Her ved utløpet frå Endestadvatnet, fann dei den kortaste avstanden å bygge bru over elva. Bru-kara vitnar om brua her, og munnlege overleveringar tyder på at det var problem med at brua vart tatt av is.

Tidleg på 1740 talet bestemte 13 mann seg for å ta kostnaden med å byggje ny bru over Storelva. Brua vart så særmerkt stor at ho gav namn til staden der ho låg, og Hans Arentz nemner brua i sitt storverk om Sunnfjord i 1785.

 

Kjelder:

Norges land og folk. Nordre Bergenhus Amt. 1901

Fylkesarkivet, Møtebøker Kinn Herad, Eikefjord Herad.

Soga om Flora fram til 1801, Albert Abrahamson Joleik

 

Takk til føljande for hjelp med namn langs Gamle Øyravegen:

Torfinn og Klara Endestad, Sverre Knapstad, Atle Øren, Leif Øren, og til Brynjar Svardal for rettleiing og hjelp.

Navn langs vegen.

 

Nr

Navn

Lokal uttale

33

Hola

Håla

34

Garden

 

38

Bøen

 

40

Dikemyra

 

41

Høgåselva

 

171

Florshogen

Florshåjen

172

Øyrabrekka

 

173

Steinvegen

 

174

Knapstadhøgda

 

175

Høgheia

 

176

Merke

Merkje

178

Nestelia

 

179

Øvstelia

 

180

Sagelva

 

181

Øyrabakkane

 

182

Moldhola

 

184

Leitet

 

185

Grinda

 

186

Øyraskora

Øyraskåra

187

Slotteskora

Slåtteskåra

188

Øyra

 

189

Øyraberget

 

191

Fosshogen

Fosshåjen

For å få riktig uttale på navna må kjenne dialekta lokalt. Sammme navn oppe i dalen og i sentrum kan ha ulik uttale. Det er ikkje gjort forsøk på å bruke lydskrift.

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd