Share

Ein søndag ut på hausten i 1954 var vi nær å miste kyrkja vår. Lars Eikefjord var kyrkjetenar og hadde fyrt i ovnane til preike på søndagen. Det var hett og godt i kyrkja og ovnane og pipene var heite.

Ut på kvelden skulle Leif Refsøy, barnebarnet til Lars, reise til Florø med kveldsbussen. Då han kom forbi kyrkja såg han at det rauk og sprang heim etter nøklane. Det var fyr i søre galleriet. Skorsteinen var så oppvarma at det hadde byrja brenne.

Audvin Eikefjord hugsar godt at det stod rekkje med folk frå fjæra og sende vassbøtter opp mot kyrkja og kyrkja blei redda.

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd