Løkkebø –Lokkebo-Ludvig B Lokkebo-150 Eikefjord hadde i posten si landsliste nr 4860, og vart oppretta den 01.07.1906. Ruta var målt til 24 km. Til landpostbod vart naturleg valt ein av brukarane på Løkkebø, Ludvig Bendiksen Løkkebø. Han var ein sprek, ung mann på 25 år.

Om ordninga av ruta heiter det:

2 ganger ukentlig, gaaende, fra Løkkebøen om Øren og Knapstad til postopneriet, hvorfra samme vei tilbake. I Eikeviken skal ogsaa mottaes og avhentes post.

Ein søknad frå garden Endestad om å verte med på ruta vart avslegen i 1906, medan vi kan lese i 1913:

Etter henstilling fra Amtsingeniøren er gaarden Eikeviken optat for post til og fra den der vordende veiarbeidsstyrke.

Frå 1912 til 1918 var det vegarbeid på vegen frå Øren til Løkkebø

Florø postkontor sende 15. mai 1923 ut eit skriv der dei vil opprette eit brevhus på Eikevoll og legge ned landpostruta Eikefjord – Løkkebø. Eikefjord kommune svarer at dei ønskte å oppretthalde landpostruta som den var. Oppsittarane på Løkkebø og Endestad ville finne seg foruretta ved ein innskrenking i denne landpostruta samanlikna med Ramsdal/Svarthumle.

Løna var på kr 150.- for året, og vart i 1913 heva til kr 200,-, sikkert for skuld utvidinga av ruta. I 1917 vart løna heva til kr 240,- som personleg tillegg på grunn av godt arbeid. Skulle ein vere nøydd til å lyse ut stillinga, ville ein gå tilbake til den gamle løna. I 1922 vart igjen løna heva til kr 450.-. Det står i protokollen:

Efter at veien er anlagt fra Øren til Storebro blir veilengden Løkkebø – postopneriet 13 km. Tur retur 26 km. Beklæder forhøies til 150 kr. Årlig.

Med ei samla utbetaling på kr 600,- har arbeidet som landpostbod vore ei god tilleggsinnntekt for Ludvig Løkkebø, særleg når han kunne kombinere dette med garsdrifta.

Folket oppe i dalane var ikkje fornøgd med posten ein gang for veka og sende i 1925 søknad om to postomberingar. Eikefjord kommune anbefalte på det beste søknaden og meiner postombering to gonger i veka for denne ruta å vere særdeles berettiga.
I 1929 sender busitjarane i Eikefjordsdalen søknad om å få tre landpostruter for veka. Heradstyret fann at kravet var rettkome, og ville gjere alt dei kunne for at søknaden blei stetta.

Løkkebø var svært interessert i Lokkebo-Ludvig rute-250hagebruk og var i ei årrekkje med i Hagebrukslaget. På garden satsa han mellom anna mykje på frukt, og fekk dette godt til. Han fekk veikare helse etter kvart, men motverka dette med ein jamn innsats, og å vere ute i god tid. Såleis klarte han arbeidet sitt framifrå, og var punktleg til det siste.

Hørselen vart dårleg. I byrjinga nytta han eit bukkehorn som høyreapparat, men etter kvart var det lite gagn i dette. Men alle klarte seg bra, av di han hadde med seg ei blokk der folk kunne skrive ned meldingar. Han gjorde så godt arbeid at folk ikkje merka at han passerte pensjonsalderen. Han heldt det gåande til han var 77 år gammal.

Torleif Endestad overtok 1. mai 1958 som bilande postbod. Ruta vart køyrd alle kvardagar innkludert laurdag.
Les meir om Torleif under postruta Eikefjord - Ramsdal.

Kilde og bilder: Posten i Flora - Bjarte Sindre
Kilde: Fylkesarkivet, Audvin Eikefjord.

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd