Ludvig Midtbø eller skomakaren som han blei kalla i Eikefjord hadde fleire fraktebåtar opp gjennom tida. Først var det "Braabre" og så kom "Blaafjell" som vart seld til Artur Engebø frå Vevring. Deretter kom Blaafjell I den største av alle som skomakaren bygde sjølv. Seinare kjøpte han Von III i Ålesund.

blaabre-300

Blaabre

Bilde lånt av Jostein Midtbø

 

 

 

 

blaafjell-300

Blaafjell

 

Bilde lånt av Jostein Midtbø

 

 

 

MB Blaafjell-301

 

Denne båten var bygd av Ludvik Midbø, kalla «skomakaren».

Han hadde ei drivande personlegheit og var ein nevenyttig mann som bygde i alt 3 båtar.

MB Blåfjell ligg her på Florøvika ved Jakob Gotteberg sin hermetikkfabrikk, seinare Bjelland Hermetikkfabrikk. Dette er før 1940. Båten vart seld til Vevring når han fekk ferdig Blåfjell I.

MB Blaafjell-300

Her har vi ein lystig ungdomsgjeng ombord i Blåfjell. Vi har ikkje namna til alle, så om det er nokon som kan hjelpe oss med dei vi manglar, så ta kontakt. I bakgrunnen ser vi landgangen til Sørbøbua. Den står den dag i dag, men landgangen er borte.

Frå venstre kjenner vi ikkje namna til dei fire første, nr. fem frå venstre er Hedvik Eikefjord (Moe), Elna Eikefjord (Classon), ukjend, Anders Eikefjord og Hilmar Øvrebø.

 

blaafjell I-300"Blaafjell I" vart bygd i Hamnafjæra i 1936. Ludvig henta erfarne båtbyggarar frå Hardanger til å lede arbeidet og deltok sjølv med liv og sjel under arbeidet, saman med andre eikefjordingar. "Blaafjell I" var 55 fot og tonnasjen var 24 bruttoregistertonn og med ein 60 hk tosylindra Union. I casinga akter var det damesalong, under dekk var der herresalong, og båten hadde sertifikat for femti passasjerer. Mannskapet, som vanlegvis var på tre mann, hadde lugar helt forut.

MB Blaafjell 1-300"Blaafjell I" vart innleigd av Fylkesbaatane og sett i gods- og passasjerfart. Fartsområdet var Eikefjord-Høydalsfjord-Stavang-Florø tre ganger i veka, og båten hadde stopp på fleire mindre stadar på denne strekninga. Seinare vart også søndagsrute. Båten hadde også turar på Norddalsfjorden ein eller to gonger i veka.

 

MB Blaafjell I-300Ludvig Midtbø var døv og fekk dermed ikkje navigasjonssertifikat, men reiste iblandt som maskinist eller matros. Salmon Havn kom om bord som skipper og vart værande der i mange år.

Her er eit av mannskapa på MB Blåfjell I.

Frå venstre: Salamon Havn (skipper), «skomakaren» Ludvik Midtbø (reiar, maskinist), Erling Havn og Gustav Kjørslevik.

 

MB Blaafjell I-301Tirsdag 8. januar 1952 forliste "Blaafjell I" på veg til Florø med 15 passasjerer ombord. I ellevetida om føremiddagen, då båten var sør for Blindevika austafor Ausa, tok maskina til å gå ujamnt, og straks etterpå var det full stopp. Vinden var minst oppe i sterk kuling frå sør, og "Blaafjell I" rak hjelpelaust mot land. Ankeret vart kasta, men farvatnet er såpass brådjupt at det ikkje hjelpte stort. Det var heller ikkje radiotelefon ombord, men mannskap og besetning fekk på seg redningsvestar.Skipper Peder Tonheim og ein annan kar hoppa i sjøen med ei trosse og strekte denne mellom havaristen og land. Dei fleste halte seg iland etter denne trossa. Ei kvinne med broten arm greidde det ikkje og når dei fekk ho på land etter mykje strev var ho medvitslaus. Ho kom til hektene att og vart innlagt på sykehus. Ein annan ungdom braut foten då han skulle hoppe i land. Ei lita jente hoppa også på sjøen og kom seg iland med eiga hjelp. Med mykje strev klarte dei å sjøsette livbåten med to damer ombord, begge desse kom tørre iland.
Verdiposten vart redda, men resten av last og post gjekk tapt. To stordyr som skulle til slaktaren i Florø drukna, og ein god del mjølkespann forsvant.

Ein av passasjerane tok seg fram til Gunnhildvågen og telegraferte etter hjelp. Enkelte båtar kom til , men kunne ikkje gjere mykje på grunn av sterk pålandsvind. "Blaafjell I" var forsikra for 30000 kroner, så det vart betydeleg tap for eigaren.

Seinare forsøkte Olav Aalen frå Kvammen å heve "Blaafjell I". Dei greidde å få virestropper rundt "Blaafjell I", men når dei begynte å hive vrei sikkert vraket nede i djupet seg og sklei nedover. Bergingsbåten hadde sansynlegvis forlist om ikkje viren hadde slitna.

 

VonIIIMB Von III.

Denne kom inn i ruta til Blåfjell I etter at denne forliste i Ausa. Båten kjøpte Ludvik Midtbø i Ålesund.

Båten vart økonomisk tung for skomakaren. Han valgte å selge huset han hadde sett opp på Hovland i 1958  for å behalde båten.

Carl Eikefjord kjøpte båten av «skomakaren», han selde den seinare til Moss.

 

Kilde: Båtar med sjel III. (Bildetekst i boka hevdar at "Blaafjell I" vart mykje ombygd. Blaafjell og Blaafjell I var to forskjellige båtar)
Eikefjordkalenderen 2007

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd