Sommaren 2005 opna samferdselsminister Torill Skogsholm parsellen Storebru-Knapstad på riksveg 5 mellom Førde og Florø. Det var den siste parsellen i eit større prosjekt:  fullgodt vegsamband med gul midtstripe mellom Florø og Førde.

Trong for utbetring

Den gamle vegen mellom Florø og Førde vart bygd i tida 1911-1945. Strekninga hadde varierande standard med mange flaskehalser og fleire utrygge parti. Sjølv etter at Naustdalstunnelen opna i 1995 og vegen over Ramsdalsheia var borte, stod det att 24 km veg av dårleg standard. I 1998 vedtok Stortinget full utbetring av riksvegen mellom Førde og Florø.

Utbetringar Førde og Naustdal

Om lag halve strekninga mellom Førde-Florø vart utbetra og ombygd frå 1960-åra. På 1960- og 70-talet vart vegen mellom Førde og Naustdal ombygd og utbetra med tre tunnelar; Kletten-tunnelen i 1969 og tunnelane på Rotenes og Hornnes i 1975. I 1995 opna Naustdalstunnelen med ny veg fram til Storebru.

Dårlegast i Flora kommune

I Flora kommune var det utbetringar og ombyggjing fleire stader på den 24 km lange strekninga frå Svarthumle til Brandsøy. Større utbetringar var tunnel gjennom Sundefjellet (1883 m) i 1985, og ny innfartsveg til Florø på nordsida av Brandsøy i 1991. Elles vart det utført ein del mindre utbetringar, men mange flaskehalsar og trafikkfarlege strekningar stod att.

Finansiering

Stortinget handsama finansieringa i ein eigen proposisjon; St.prop. 77/1997-98. Bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS fekk løyve til å forskottera 120 mill. kroner som skulle investerast i perioden 1999-2001 slik at veganlegget kunne starta opp tre år før ordinær løyving over statsbudsjettet. Bompengane skulle krevjast inn i bomstasjonen ved Naustdalstunnelen for å dekke rentene av dei forskotterte midlane.

Skar gjennom

Prosjektet fekk statlege løyvingar frå 2002-2005, men med dei økonomiske planrammene som låg til grunn i Norsk vegplan 2002-2011, såg det ut som at anlegget ikkje ville få store nok årlege løyvingar til kontinuerleg drift. Det var ei viss redsle for at anleggsdrifta skulle halda på til 2010. I 2002 såg det ut som anlegget måtte stogga nokre månader av mangel på midlar til full drift. Vegdirektoratet ville ikkje gi løyve til å omdisponera 15 mill. kroner frå andre anlegg, men etter at samferdselsminister Torill Skogholm besøkte anlegget, gjekk finansieringa i orden. I det heile ordna finansieringa seg, og anleggsdrifta gjekk som normalt. Heile utbyggjinga kosta 376 mill.kr (2005-kroner.

Høglydde klager

Stort sett gjekk arbeidet med dei ulike parsellane utan vanskar, men det oppstod ein del problem og spenningsmoment. Under arbeidet med å utvida Helgøytunnelen, der trafikken gjekk heile tida, vart vegen ståande under vatn og vegdekket vart sterkt øydelagt. Store hol i vegen var svært uheldig for bilane, og klagene var høglydde. Det vanskelegaste partiet var likevel i krysset ved Grov, der riksveg 5 møter riksveg 614 til Svelgen. Her var det ein viss fare for at fjellpartiet ville rasa i fjorden under sprengingsarbeidet. Trafikken måtte då ha vorte omdirigert via Sandane og Hyen! Noregs Geologiske Institutt og Vegdirektoratet var med i prosessen, og arbeidet vart framifrå gjennomført utan skade på den eksisterande vegen.

Eikefjord sentrum

20080816-250-eikefjord-074Vegen gjennom Eikefjord sentrum vart heftig debattert. Fleire, spesielt næringsdrivande i Eikefjord, ønskte at vegen framleis skulle gå gjennom sentrum. Heilt fram til 2001 var dette eit vanskeleg tema. Vegvesenet og Flora kommune gjekk inn med 7-8 mill. kroner for å rusta opp sentrum etter at gjennomgangstrafikken vart lagt utanom. Her vart det gangveg, fortau, parkering og torg.

Vegopning

20050706-150-opningSamferdsleminister Torild Skogsholm stod for den offisielle opninga av nyvegen mellom Svarthumle-Mekevika, 6. juli 2005. Det var ikkje første gongen at statsråden besøkte veganlegget. Ein iskald desemberdag i 2002 opna statsråden vegparsellen Knapstad-Kvalvik forbi Eikefjord sentrum. Sommaren etter, i august 2003, opna Skogsholm det nyopprusta Eikefjord sentrum.

Kilde : Fylkesarkivet

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd