Engelsk retrett frå krigsavsnitt i Gudbrandsdalen

Den 18. april 1940, ni dagar etter det tyske angrepet på Noreg, blei britiske tropper landsette i Åndalsnes. Dei blei sende over til Gudbrandsdalen og var med i kampane i Lillehammer-avsnittet. Dei kunne lite gjera for utfallet. Dei norske og britiske styrkane var snart drivne tilbake nordover i Gudbrandsdalen.

Nokre mindre grupper engelske soldatar miste kontakten med hovudstyrken, og for å unngå tysk krigsfangenskap, prøvde nokre av dei å ta seg austover mot Sverige, andre vestover mot kysten.

Kaptein Peter Brantson si gruppe

Ei gruppe på 16 mann under leiing av kaptein Peter Brantson kom til Eidsbugarden onsdag 8. mai. Dei hadde teke seg opp Sikkilsdalen om Gjendesheim og Gjendebu etter å ha fått god orientering av den norske soldaten Wolfgang Stang.

11. mai kom dei til Årdal og fekk hjelp vidare gjennom heile fylket og kom til Tirdal på nordsida av Nordalsfjorde. Her blei det ordna skyss vidaare over Nordsjøen.

Utdrag frå reportasjen der Ekefjord er omtala:

Fredag 24. mai

Natta vart ikkje lang. Dei var på farten att i firetida torsdag morgon. Vegen gjekk no mot Løtuft (Hogjen) som neste stopp. Turen gjekk over Ramsdalsheia og ned Ramsdalen. Dei kom til Slåtten i Eikefjorden torsdag kveld i elleve-tida.

Laurdag 25. mai

I firetida fredag morgon vart så den 12 mann store Gruppe Branston - og flyktningen som slutta seg til i Årdal - skyssa frå Eikefjord med skøyta Fram til garden Tirdal på nordsida av Nordalsfjorden ikkje langt frå Florø. Båten kom dit i seks-tida om morgonen.

I Tirdal vart dei vel mottekne og budde her til det var ordna med ei skøyte til å føra dei over Nordsjøen til Storbritannia. Måndag 27. mai gjekk dei om bord i skøyta Livlig som sette kurs for Shetland.

Kilde: Fylkesarkivet. SFFkl-106880

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd