Ruta frå Eikefjorden til Ramsdal-Thomas E Ramsdal-150Ramsdalen vart oppretta den 01.04.1900. Første landpostbodet var Thomas E. Ramsdal som var fødd den 16.08.1860. Han kom frå Naustdal, og gifta seg med Hilde Karin Ramsdal som var odelsjente. Han var ein omgjengeleg og blid mann, som var svært mykje omtykt av dei som møtte han. Såleis var han mykje brukt som kjøgemeister. Han hadde ei vakker songrøyst, og var i mange år kyrkjesongar. Han budde øvst i Ramsdalen, og det var naturleg at valet fall på han som landpostbod. I den gamle protokollen over landpostruter kan vi lese:

Rutens ordning m.v.
2 gange ukentlig, gaaende, fra Ramsdalen om Svarthumle og Langedalen til poståpneriet og samme vei tilbake. Fra 1/7-1911 er ruten utvidet til ogsaa at omfatte gaardene Eikevold med Sørdal og Sørdalsøren, Brekkene og Aasene. Samtidig er lønnen forhøiet til 175 kr i 3 aar.

Tilllegget av 1/7-1917 er at betrakte som persolig paa grund av længre tjenestetid, og ruten i tilfælde ledighet bekjentgjordt med den gamle løn. F.p.j.nr. 7 50/1917.

Thomas var fødd den 10.08.1860 og døydde den 03.22.1950, heile 90 år gammal. Vegar var det dårleg med i hans tid som landpostbod, og han gjekk den tunge ruta frå Eikefjorden til Ramsdalen. Såleis fekk han halde seg i god fysisk form. 'ruta vart målt til 33 km. I dei første åra hadde han kr 150.- for året, men det steig etter kvart til kr. 700.- i 1922. Ei ekstraintekt det kom godt med.

Folket oppe i dalane var ikkje fornøgd med posten ein gang for veka og sende i 1925 søknad om to postomberingar. Eikefjord kommune anbefalte på det beste søknaden og meiner postombering to gonger i veka for denne ruta å vere særdeles berettiga.
I 1929 sender busitjarane i Eikefjordsdalen søknad om å få tre landpostruter for veka. Heradstyret fann at kravet var rettkome, og ville gjere alt dei kunne for at søknaden blei stetta.

Då ThomasRamsdal-Elias Ramsdal-150 gav seg etter nådd pensjonsalder i 1930, tok Elias Ramsdal (f. 13.08.1883) over landpostruta etter faren. Vegen frå Eikefjord og oppetter dalen var no blitt slik at det var mogleg å nytte sykkel, og turen ned til Eikefjorden gjekk monaleg fortare. Men postmengda auka, og ved juletider var den så stor at Elias måtte nytte hest og slede i ruta si.

I sin ungdom var Elias i USA og tente pengar. Han drog over i 1907, og arbeidde som gardsarbeidar i Bismarck North Dakota. Tilbake i Norge gifta han seg med Alvhild Svarthumle, også ho odelsjente. Såleis var det for Elias berre å flytte nokre kilometer nedetter dalen.

Elias heldt seg svært godt, og liksom landpostbodet til Løkkebøen, merka ingen aat han passerte pensjonsalderen. Først 75 år gammal gjekk han av, av di Torleif Endestad vart bilande landpostbod. Ruta vart no køyrd alle kvardagar innkludert laurdag.
Elias døydde den 21.07.1971, 88 år gammal.

Torleif Magne EndestadEikefjord-Torlef Endestad-150 (f. 26/11-1930) vart ramma av polio i barneåra, men vann over sjukdommen med sitt usvikeleg gode humør. Han var eit overskotsmenneske, alltid hjelpsam, og folk på postruta sette stor pris på tenesta hans. Han hadde handelsskule og butikkfagskule, og byrja som styrar for butikk i Bøvågen. Etter få år vende han tilbake til heimbygda Eikefjord og handelsverksemd der. Han var aktiv i frilynt ungdomsarbeid og i idrettsadministrasjon. I fleire periodar sat han også i kommunestyret. Han hadde strekt engasjement for heimbygda si. Han vart tilsett som bilande landpostbod den 1. mai 1958. Ruta var Eikefjord – Ramsdalen/Løkkebø.

Torleif Magne Endestad døydde den 22.05.1979.

Kilde og bilder: Posten i Flora - Bjarte Sindre
Kilde: Fylkesarkivet, Audvin Eikefjord.

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd