Sidan Eikefjord kyrkje er 200 år, er ho verna og med på lista over listeførte kyrkjer hos Riksantikvaren. Å renovere ei slik kyrkje er eit langt lerret å bleike.

Allereie i 2005 var det søkt om å få utvide hovuddøra slik at ein kunne bere ut bårene med den verdigheit som høver seg. Etter tre søknadar der ein kom med ulike måtar å utbetre døra på, kom endeleg Geirr Olav Gram frå Riksantikvaren på besøk til Eikefjord kyrkje 25. august 2011. Til stades på synfaringa saman med han var Bård Langvandslien frå Riksantikvaren, arkitekt Grethe Marøy Sellevoll, kyrkjeverje Herdis Elin Lexau og Arne Steinhovden frå Eikefjord sokneråd.

I rapporten frå Riksantikvaren går det tydeleg fram at vi ikkje får gjort noko med hovuddøra, då døra og bislaget er verna. Vi kunne få utvide trappa og løyse problemet med båra ved å ha båretralle i våpenhuset. Bislaget kan vi få utvide litt om vi nyttar dei materialane som har vore brukte før, og gjer det etter Riksantikvaren sine tilrådingar. Han sa samstundes at ei universell utforming kan lagast ved å ta hol i kyrkjegardsmuren mot parkeringsplassen.

På møte til Kinn kyrkjelege fellesråd 8. desember 2011 Byggekomiteen2012-400vart det sett ned ein komité for renovering og universell utforming av Eikefjord kyrkje, og det er iVest consult som har hatt konsulentoppdraget for Kinn kyrkjelege fellesråd.

Frå venstre: Albert Frøyen iVest consult, sokneprest Dag Leirvik, leiar i fellesrådet Magnar Ove Nordal, dagleg leiar Herdis Elin Lexau, Lars Terje Standal i Eikefjord sokneråd. Trygve Knapstad, han og medlem i Eikefjord sokneråd, var ikkje tilstades då biletet vart teke.

22. april 2012 vart det underskrive kontrakt med malarfirma Gunnarson AS om maling av Eikefjord kyrkje og 08. mai 2012 vart det underskrive kontrakt med Firma Ove Losnegård om snikkararbeid.

06.juni 2012 fekk vi godkjenning på utomhusplanen som arkitekt Grethe Marøy Sellevoll har teikna. Igangsettinga vart litt forseinka på grunn av at utomhusplanen måtte lysast ut på anbod.

Ove Losnegård har bytt ut ein god del rotne bord på utvendig Eikefjord kyrkje reparasjon-400kledning og samstundes sett i stand takrennene. Gunnarson AS har skrapa og mala kyrkja opp att i den fine kvitfargen som ho har.

16. januar 2013 vart kontrakt underteikna med Jørn-Kåre Kvamme. Dette er det største av anboda fordi det omhandlar trappebygging, rullestolsti/rampe, drenering og parkeringsplass.
Jørn-Kåre Kvamme henta stein hos Simon Lars Løkkebø på Løkkebø, og han har hogge og tilpassa steinen både til trappa på nordsida og vestsida.

I tilknyting til trappa på vestsida er det mura køyrerampe for rullestolbrukarar slik at dei kan nytte hovudinngangen til kyrkja. Frå kyrkja er det laga ny veg over kyrkjegarden og ut gjennom vestmuren. På gangvegen og på parkeringsplassen er det asfaltert slik at rullestolbrukarar lett skal kunne ta seg fram. Samstundes med dette arbeidet er det lagt inn drensrøyr i grunnen for takrenner og overflatevatn.

Det er Eikefjord Rør som har hatt ansvaret for røyrarbeidet. Det skal settast opp eit handikaptoalett med bod på parkeringsplassen. Dette arbeidet skal utførast på dugnad og Trygve Knapstad er arbeidsleiar. Eikefjord bygg står som ansvarshavande og leverer materialane.

Renoveringa og den universelle utforminga er planlagt ferdig til 01. juli 2013. I tilegg til det som blir gjort utomhus, skal det bli betre lys inne i kyrkja. Targeti Poulsen har kome med eit forslag til lyssetting som div. elektriske firma no kan kome med pristilbod på.
Heile prosjektet er kostnadsrekna til ca kr 1 650 000.

I tillegg til at kyrkja er blitt mala og restaurert og det blir laga universell utforming, er det og gjort ein heil del på den gamle gravplassen rundt kyrkja. Her er det Håkon Jan Solheim saman med kyrkjegardsarbeidarar Jostein og Else Judit Eikevik som har rydda opp.

I samband med arbeidet ved kyrkja, kom det fram at bjørkene var i dårleg forfatning. Med tanke på at dei hella mot kyrkja og minnesteinen, vart dei saga ned.

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd