Florø vart grunnlagt i 1859 og kommisjonen som utgreidde byspørsmålet, uttrykte alt i 1858 at: "Florøen er desuden saaledes beliggende, at der til samme, om det i sin Tid maatte ansees fornødent, kan anlægges Landevei fra Førde og fra Hyen i Nordfjord. Nær 100 år gjekk før kommisjonen sine tankar vart realiserte. Vegarbeidet pågjekk like frå 1922, i hovudsak med naudsmidlar frå staten.

Vegkrav frå 1890-talet

Den som først byrja å jobba for vegsamband mellom Florø og Eikefjord var F. T. Lorenzen, ordførar (1888-90) og distriktlege i Kinn (1880-90). På heradstyremøte i Kinn herad behandla dei skriv frå Florø kommune om veg til Nordfjord og Naustdal. Heradstyret meinte at vegprosjektet ville ha stor betydning for distriktet og gjekk inn for  at vegstyrelsen måtte realisere prosjektet snarast.
Florø bystyre bad ordføraren i 1891 gå til "amtmannen med anmodning om å få veien oppstukket, iallfall inn til Brandsøysundet".

Mange krav, men inga handling

I 1906 valde bystyret ein komite som skulle leggja vegsaka fram for Fylkestinget. Det kom lite ut av forsøket. Vegen vidare til Eikefjord var sett opp som hovudveg, men kom utanom 30-årsbolken.

Til hovudstaden for å be om pengar

I 1920 kom bystyret igjen opp med krav om å byggja "automobilveg" frå Florø til Eikefjord og vidare til Naustdal, Hyen og Sandane.

Naudsmidlar

I 1922 vart vegarbeidet sett i gang for naudsmidlar, mot at distriktet betalte 1/10 av utgiftene. Heile anlegget var kostnadsrekna til kr 353.000. Strekninga Florø-Brandsøysundet (6,1 km) var ferdig i 1937, og prislappen var 330 660 kroner.

Vegbygging RamsdalsheiaVeg via Vevring eller over Ramsdalsheia

Krava om veg vart tekne opp att fleire gonger både av Florø og Førde kommune med støtte frå alle berørte kommunar, men heile tida vart andre anlegg prioriterte. Den første løyvinga til sambandet Førde-Florø kom i 1911, til strekninga Førde-Naustdal. Den siste kom ikkje før i 1937/38. Interessa for veg mellom Florø-Førde auka, særleg etter at det i 1930 vart det vedteke å leggja fylkessjukehus i Florø. Men det var tvil om ein skulle velja lina beinveges frå Naustdal over Ramstadalen, eller om ein skulle velja lina om Vevring. Det siste vart føretrekt, også av Stortinget. Men det var lina over Ramsdalsheia som vann fram.

Førde - Naustdal

Amtstinget anbefalte i 1889 å undersøke veg mellom Førde og Naustdal. Hensikten var å skaffe Jølster og Førde forbindelse med det isfri dampskipsanløpsstedet ved Naustdal og skaffe forbindelse mellom dei store bygdene Førde og Naustdal. Anlegget blei påbegynt i 1911 og ferdig i 1937.

Naustdal - Indrekvam bru

I 1903 bevilget Amtstinget 1/5del veistykket Naustdal - Nes som blei påbegynt i 1910. I 1926 blei Naustdalsfossen - Indrekvam bru omklassifisert til hovedveg.

Indrekvam bru - Storebru

Dette anlegget blei påbegynt i 1933 for nødsmidler. I 1939 budsjetterte ein med 1 154 000 kr for ein veg med lengd 19 180m. Seinare blei det utarbedd ei ny plan der lengda var ca 8 km og omkostninger på 250 - 300 000, medregna ein tunnel på 230 meter under Ramsdalsskaret.

Storebru - Brekka - Eikefjord

Dette var til dels gammal og ny bygdeveg, men Øren-Storebru-Brekka var "optat" på vegbudsjettet i 1923.  Storebru -Brekka vart påbegynt i 1927. I 1935 bei det vedtatt at vegstykket skulle opptas som hovedveg når det var ferdig.

Tyskarane sette fortgang i vegarbeidet

1937 heldt arbeidet med veg frå Brandsøy mot Eikefjord fram. Fram til krigsutbrotet i 1940 vart det opparbeidd 2 km veg frå Brandsøy. Samstundes kom det midlar til Naustdal-Storebru. Det var viktig for tyskarane å få veg til Førde av strategiske grunnar. Då hadde dei høve til retrett i tilfelle det kom eit alliert åtak mot byen. Vegvesenet var ansvarleg for arbeidet, som vart sett i gang med full styrke. I 1942 sette dei i gang arbeid på fleire parsellar samstundes. Russiske krigsfangar vart og brukte ei tid.

Vegbygging GrovSpørsmål om sabotasje

Vegen var på lange strekningar bygd med høge murar som gjekk rett ned i fjorden. Ein gong dei dreiv med handmuring, gav murfoten etter, så heile vegmuren på rundt 50 m rasa ut i sjøen. Dette vart granska av tyskarane. Det var mistanke om sabotasje, men granskinga synte at utrasinga hadde ei naturleg forklaring. Den nye murfoten vart no sikra med å sprengja han inn i fjellet.

 

 

Gjennom Ramsdalsheia til NaustdalTunell ramsdalsheia

Arbeidet på vegstykket Indrekvam bru-Storebru byrja i 1933 for naudsmidlar. Stordelen av pengane gjekk til strekninga mellom Indrekvam og Ramsdal, der det ikkje var veg frå før. Lengda her var rundt 8 km medrekna ein 230 meter lang tunnel under Ramsdalsskaret. Her ser vi gjennomslaget i Ramstadtunnelen med etterfølgjande gjestebod. Tunnelen vart driven med handboring.

 

Ferdiggjering

I 1944 var vegen til Eikefjord ferdig. 15. juli 1944 starta Firda Billag rutekøyring mellom Florø-Eikefjord. Sundetunnelen hadde teke lang tid. No vart stordelen av arbeidsstyrken sett inn på det vidare vegarbeidet inn dalen mot Ramsdalsheia. Til saman arbeidde 240 mann på ulike parsellar frå Storebru til Indrekvam bru i Naustdal det siste krigsåret. Våren 1945 kunne ein køyra mellom Florø og Førde på rv 585. Delar av vegen var nokså dårleg. Endeleg ferdiggjering og offisiell opning skjedde først i 1952.

Bilrute  Florø - Førde

22. juli 1945 starta den første bilruta mellom Florø og Førde. Bussen gjekk frå Florø kl 9.00 om morgonen og var i Førde kl 12.30. I begynnelsen var det rute to gonger i veka, på tirsdager og fredager. I Firda Folkeblad kan ein lese: "Det er Firda Billag som set ruta i gang, men no for det fyrste vert den utførd av lastebilen til Erling Sandvik, Florø. Ein må likevel rekne med at ein bil vert for lite. Alt for eit par dagar sidan hadde billager fått 30-40 plassbestillingar til fyrste turen i dag, får opplyst. Rimlegvis vert lastebil S-1018 (som billaget kjøpte i fjor av Bendik Endestad) også sett inn i ruta når den neste veke kjem frå verkstaden." Berre dei som absolutt måtte reisa fekk vere med.

Snøbrøyting og teleløysing

Den nye vegen vart halden open vinteren 1946. Vegvesenet hadde fått inn nye brøytebilar som skulle brukast på vegen Førde-Florø. Brøytinga gjekk tolleg greitt, men i april vart vegen stengd over Ramsdalsheia grunna teleløysing, særleg i Eikefjorddalen. Firda Folkeblad kunne 26. masr melde at det var fare for at bilane sette seg fast - eller dei kunne øydelegge vegen.

Kilde og bilder: sffarkiv.no
og På god veg, Veghistorie i Sogn og Fjordane.
Det norske veivæsens historie Bind II
Det norske vegvesens historie Bind III

Prenta kjelder:
Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd. III, Oslo 1950.
Thingnæs, Magnus: Florø Norges vestligste by 100 år. Florø 1960.
Stavang, Harald J.: Flora. Kulturhistorisk vegvisar. Selja Forlag 1999.
Fylkesarkivet: Møtebok for formannskap og kommunestyre Kinn (1864-1895).

 

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd