Denne ruta må ha vore ei av dei mest krevjande landpostruter i landet. Frå Steindalen på kring 250 meter over havet måtte postmannen gå dei bratte kleivene ned til Svardalen. Her var berre ein smal sti, og vinterstid kunne det vere ei livsfarleg ferd. Ned til Osen var det ikkje veg, og han måtte ro vatne. Vinterstid var det å gå over isen. Nede i Osen måtte han igjen i robåt, og ro det farlege stykket til Hopen. Osstrupen var frykta av ferdafolk, for skuld treske kastevindar. Vinterstid var sjøen ut forbi Osstrupen jamnt tilfrosen. Dermed var det igjen å ta beina fatt. Ei farleg ferd, av di understraumar gjer isen utrygg. Ut forbi Strupen kunne han smite seg langs land fram til Hopen. Også her veglaust. Ofte måtte han bakse seg fram i meterhøg snø.

Denne meir Steindal-Andreas K Steindal-150krevjande ruta var det Andreras K. Steindal som tok seg av. Han var fødd den 16.07.1885. Ruta vart oppretta den 01.10.1908.

I starten gjekk ho frå Svardalen til Hopen med retur. Året etter søkt folket i Steindalen om at ruta måtte bli forlenga dit. Anders ville seie opp stillinga. Det vart mødesamt å måtte gå heimanfrå og til Svardalen til fånyttes. Posten innvilga søknaden, og Steindal fekk ruta omfatta til også å gjelde Steindalen. Men auka løn fekk han ikkje, og han måtte binde seg til uendra løn i tre år. Han ffekk kr 80 i året. Først i 1912 vart løna heva til 100 kr. I 1917 fekk han 150 kr og i 1922 300 kr. No fekk han dessuten for første gong kompensasjon for hald av robåt med kr 50 årleg.

Frå Osen og ned til sjøen hadde det tidleg kome veg, medan det tok meir enn lang tid å gå beg frå Svardalen og til Osen. Først i 1919 kom arbeidet igang. I 1935 vart han endeleg farande. Dermed kunne Steindal gå vegen til Osen vinterstid, ikkje sette livet på spel over utrygg is. Arbeidet med vegen til Steindalen kom først i gang i 1945. Han var endeleg ferdig i 1959. Såleis var det lite nytte landpostbodet på denne ruta fekk av vegar.

Berre i godt ver kunne Steindal klare turen fram og tilbake på dagen. Han hadde rom til å overnatte i både på Hopen, i Osen og i Svardalen. Her hadde han døtre som budde.

Når Andreas måtte få på isen, hadde han ein lang staur i nevane. Gjekk han gjennom isen, heldt han seg i denne til hjelp kom til. Det vanlege var at folk skubba ein robåt mellom seg fram til der han låg. Når isen brast, hoppa dei i båten, og fekk han ombord.

Andreas Steindal hadde som mange i familien stor musikalsk givnad. Han var ein dugande felespelar, noko som blei sett stor pris på i festlege lag. Han var kjend for sin raske og gode replikk, og var samfunnsengasjert. Gjennom sitt vaksne liv arbeidde han sterkt for at Svardalen/Steindalen måtte få vegutløysing. Han fekk oppleve at dette vart fullført. Då han gjekk av som landpostbod, fekk han tildelt Kongens fortenestemedalje. Få har fortent denne meir. Han døydde den 17.05.1968.

Det vart oppretta postopneri i Osen i 1943 og landpostrute frå Eikefjord i 1959.

Kilde og bilder: Posten i Flora - Bjarte Sindre

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd