Krav om veg i vestre Hyedalen

I vestre Hyedal vart det bygd ein 10 km lang bygdeveg i 1860-åra. Vegen førte ikkje heilt til sjøen, men til Hopsvatnet. Vegen var dårleg, og det var problem med vedlikehald av både vegen og bruene. Kommunen fekk i 1897 søknad frå alle oppsitjarane i vestre Hyedalen med krav om å få vegen omlagt frå Heimset til Hope og ny veg vidare til sjøen i Hyefjorden. Dei tok på seg å gi fri grunn og trygd for jordskade osb. Kostnadene var 119.400 kroner, men kommunestyret kunne ikkje gå inn for å løyva 1/5 del av summen.

Lang byggetid

Først i 1912 vann søknaden gjennom i kommunestyret, og då var føresetnaden at dei interesserte i Hyen skulle opparbeida vegen langs Hopsvatnet forskotsvis. Vegen vart seinare ein del av hovudvegen mellom Florø og Hyen. I 1923 vart arbeidet på vegen frå Straume langs Hopsvatnet og oppover dalen til Heimset ved Storfjorden (Eimhjellevatnet) sett i gang. Strekninga er 14 km. Arbeidet tok 10 år og kosta nær 600.000 kroner. Det var eit tungt løft for gardbrukarane i dalen sidan dei laut ta 15 % av kostnadene. For folket i vestre Hyedalen var det ei storhending då vegen stod ferdig i 1940.

Veg til Gjengedal

I 1890 vart vegen i austre Hyedalen sett først på prioriteringslista over planlagde vegar. Vegen vart opparbeidd litt etter litt med små tilskot frå kommunen og fylket. I 1896 fekk dei og tilskot frå Stortinget. Same året var vegen ferdig til knapt 2 km ovanfor Ommedalstunet. To år seinare var han komen til Gjengedalstunet. 28. oktober 1898 tok kommunen over vegen. Det var ein stor merkedag då grendene no fekk vegsamband til sjøen. Men enno var det ikkje vegsamband over til Straumesida, der bygda hadde sine sentrale institusjonar som kyrkje, gravplass, skule, dampskipsekspedisjon og postopneri. Dei trong bru over Å-elva. Kostnadene med bru og veg vart kalkulert til 25.000 kroner, og i 1922 var det vegsamband mellom dei to hyedalane.

Krav om veg mellom Hyen og Florø

Utanom desse bygdevegane hadde Hyen korkje veg til Sunnfjord eller til kommunesenteret Sandane. I 1890 kravde Florø, med støtte av kommunane Førde, Gloppen og Kinn, ei gransking av eit eventuelt vegsamband mellom Florø og Hyen. I fylket sin trafikkplan av 1919, kravde Gloppen at det vart bygd hovudveg frå Sandane til Hyen og vidare derifrå til Florø. Nokre få kilometer vart bygd fram til 1938.

Øren – Løkkebø

Oppsittarane på Løkkebø ber i 1897 om at vegstyrelsen undersøker eit vegprosjekt frå Øren til Løkkebø. Heradet støtter søknaden under føresetnad at den blir sett i forbinding med skrivet i 1893 om vegen frå Eikefjord til Hyen.

I 1905 purrar oppsittarane på heradet angåande vegen Øren – Løkkebø. Heradet bekreftar at anlegget vil vere det første som får bevilling frå heradet. Heradet meiner vegen frå Øren til Løkkebø er viktigare enn Vassetvegen og ber amtstinget utsette denne vegen til fordel for vegen til Løkkebø. 5.desember dette året bevilga heradsstyret midlar til Løkkebøvegen.

Amtstinget godkjente anlegget Storebru - Løkkebø i 1908, men amtsingeniøren akta kun søke bevilning for Øren - Løkkebø. I 1910 purrer heradet på amtet. Dei ber om at vegen blir detalj stukke slik at arbeidet kan komme i gang og i 1911 stikk amtsingeniør Borch Løkkebøvegen.

Arbeidet blei påbegynt i 1912 og ferdig i 1918 med mindre etterarbeid i 1920 og 21. I 1921 overtar heradet vegen.

Øren – Storebru – Brekkene

I 1910 ber Kinn herad om ei vurdering kva linje som er best frå Storebru til Eikefjord, Storebru-Eikevollsbakkane-Eikefjord eller Storebru-Vasset-Eikefjord.

Oppsittarane i Eikefjordsdalen søker om veg frå Øren til Storebru og omlegging av Eikevolls-bakkane i 1913. Øren -Storebru er kostnadsberegna til kr. 8700.- og Eikevollsbakkane til kr. 16700.-. Heradet utset saken.

På neste møte blir eit forslag om utsetting forkasta og heradsstyre beslutter med 15 mot 9 stemmer at det var ein feil at veganlegget Øren – Løkkebø ikkje blei forlengt til Storebru og Eikevollsbrekka. Først då vil oppsittarane på Løkkebø få full utnytting av den nye vegen. Oppsittarane i Øvre Eikefjordsdalen vil også få ein mykje lettare veg til Eikefjord. Herredet beslutter at anlegget Øren – Storebru – Brekka skal byggast som forlenging av vegen Øren – Løkkebø.

11. november 1913 blei saken om anlegget Øren – Storebru – Brekka tatt opp igjen fordi den ikkje oppnådde 2/3 fleirtal. Ved denne avstemminga var 18 for og 11 imot.

I 1916 ber veiingeniøren om at heradet overtar vegen etter kvart som den blir gjordt ferdig av vegvesenet, og dei to første parsellane blei overlevert i 1921.

Vegen var dermed ferdig frå Løkkebø til Storebru.

 

Først i 1962 stod vegsambandet Storebru - Hyen ferdig.

 

Kilder: Fylkesarkivet
På god veg, Veghistoria i Sogn og Fjordane
Det norske veivæsens historie Del II

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd