I 1998 1998-lokalitet-250gjennomførte Arkeologisk institutt ei utgraving ved kyrkjegarden i sentrum. Her fant dei spor etter allsidig aktivitet gjennom jernalderen, det er spor etter både busetting, jordbruk og gravlegging.

Det mest oppsiktsvekkande funn er ei flatmarksgrav frå vikingtida. Den døde blei ikkje brent under gravlegginga og å dømme etter gravutstyr er det tale om ei kvinnegrav. Omkring grava viser fire stolper at det har blitt reist eit "dødehus" som var knytt til det rituale som gikk føre seg rundt gravlegginga.

I perioden 02/11 til 13/11 samt den 01/12 1998 gjennomførte personale ved Bergen Museum, Arkeologisk Institutt arkeologiske frigivingsundersøkelser i Eikefjord. Ved frigjevingsundersøkinga blei det lagt ut fire felt, i alt 2200 m2 blei avdekka og 78 forhistoriske strukturer blei undersøkt.

Flatmarkgrav frå vikingtida

Bestemminga av grava og datering av den bygger på granskingar i felt og på dei funn som er tatt opp. Graven må karakteriserast som flatmarksgrav frå vikingtida, dvs. det er ikkje påvist spor etter overdekning. Dei jernnaglane som er funne med kvadratiske naglehovud er funne langs kanten og botnen i heile grava si utstrekning og det viser at den døde sannsynligvis har vore gravlagt i ei trekiste.

Den døde blei ikkje brent under gravlegginga, det er ikkje funne brente bein i graven. Brente bein ville i det minste delvis ha vore bevart, dersom det hadde vore ei branngrav. Grava sine dimensjoner og kistespor i heile lengda understrekar at det er ei skjelettgrav. Grava har vore orientert nordaust-sydvest og den døde har i leie med hovudet i nord-austre enden, sikkert i sideleie med ansiktet retta mod nordvest, i det minste ut frå plasseringa av glasperler, hekle/ull-kam og vevesverd at dømme.

Innhaldet i grava fortel at det er tale om ei kvinnegrav. Vevesverd og hekle/kam er reiskap forbundet med tekstilproduksjon. Det er et verv som i det minste som gravgods knyttast til kvinna. Same bodskap gjer dei glasperlene som er funne. Ein finn glasperler i både manns- og kvinnegraver så det i seg sjøl er ikkje bestemmande. Der er ein tendens at talet på perler i mannsgrav oftast ikkje overstiger 5 perler, mens dei 21 perlene som er funne i denne grava er typisk for ei kvinnegrav.

Alderen på grava kan bestemmast nettopp på glasperlene. Dateringane ligg frå tidlig vikingtid inn mot midten av vikingtida. Vikingtida er ein epoke i nordeuropeisk historie som strekker seg frå 800 e.kr til ca.1050 e.kr.

Utforminga av grava er interessant. De fire flankerande stolpane markerer at grava i det minste i ein periode har hatt ei form for overbygning. Det er eit tilbakevendande trekk gjennom forhistoria at det over graver kan vere oppført foreløpige bygningar. Disse konstruksjonane har sin forklaring omkring det gravrituale som gikk føre seg rundt gravlegginga. Frå vikingtida er det eksemplar på liknande "dødehus" som oftast med teltoverbygning, men det er også kjent eksemplar med fire stolper som Eikefjordgrava. Bygningen over grava måler imellom stolpane 3 x 2,5 meter, dersom bygningen har hatt veggkonstruksjon så har den målt omkring 4.5 x 4 meter.
1998-flatmarksgrav-525

Grav med sentrum inne på kyrkjegarden

I 1998-Ringgroeft-250den nordlige del av felt I blei det registrert eit halvmåneforma svart spor i undergrunnen, dvs. det teikna seg ein tydelig voll med nivåforskjell overfor den omgivande undergrunnen. Vollen synes å markere eit område frå der fyll er gravd opp. Vollen blei følgt mot øst og vest, og den går over i ei ca. 40 cm. brei grøft med ei djupne på ca. 10-20 cm.

Anlegget er vanskelig å bestemme, ei halv ringgrøft og ei planert flate seier ikkje mykje i seg sjølv. Det er likevel parallellar ti1 liknande grøfter observert i relasjon til gravhaugar. Frå både bronse- og jernalder kjenner ein gravanlegg med tilknytt ringforma grøftanlegg. Eikefjordgrøfta har ein diameter på 16 meter som er i samsvar med kva ein kan forvente av ein gravhaug. Den mest sannsynlige tolking må derfor vere at det er tale om restane av eit planert forhistorisk gravanlegg og evt. med opprinneleg jordhaug. Kor høg jordhaugen har vore kan ikkje bereknast da den ikkje var synlig i overflata. Sentrum av haugen ligg utanfor utgravingsfeltet inne på kyrkjegarden og det kan ikkje sjå bort frå at sentralgrava kan vere bevart.

Datering av anlegget er vanskelig. Det kan vere tale om ein type gravlegging frå yngre bronsealder og eldre jernalder som nemnast tuegrav med ringforma grøft. Sånne anlegg er for få år tilbake gravd ut ved Os i Hordaland, så ein kjenner typen frå Vestlandet. Tuegravene har normalt mindre diameter så kanskje skal denne grava rettare plasserast lengre fremme i jernalderen der ein kjenner parallellar i sein eldre jernalder og frametter i tid.

Eldre jernalder var frå ca. 500 f.Kr. til ca. 570 e.Kr.

Brønn

Brønnen er eit sirkulært anlegg med ein største diameter på 3.60 meter. Den har runde sider og utflata botn. Største djupne er på 43 cm.

Fyllet i brønnen er samansett av fleire lag som er tydelig er påverka av vatn, nokre inneheld silt andre torvvekstar.

Fleire lag inneheld ganske mykje silt som typisk danna seg ved ope ståande vatn. Dessutan er der parallellar til steinpakking i botnlaget og til forma på anlegget. Mest sannsynleg er det tale om ein open brønn i forbinding med busetting, kanskje vatning av grassende kreatur. Der er dokumentert brønn av identisk utforming frå utgraving av buplassar frå jernalderen.

Det lar seg gjere å datere brønnen nærmare. Frå brønnen er tatt ut 14c prøve som gir ein datering til yngre romersk jernalder.

Yngre romersk jernalder var frå 160 til 375 e.Kr.

Innhegning

1998-innhegning-250felt I er det også funne åtte stolpar. Det er ei rimelig tolking å relatere dei åtte stolpane til ein samanhengande struktur. Når det er tale om stolper så går tankane oftast i retning av bygningar, men det er der neppe tale om i dette tilfelle. Det innramma areal utgjer 18 x 12 meter og ein bygning med ein sånn takkonstruksjon ville kræve ein annan sterkare stolpekonstruksjon enn den som er her, så hus er der neppe tale om. Tilbake står andre muligheiter bl.a. at det kan vere eit innhegning der ein har funne nedgravne stolper. Stolpe 32, som er trekte inn, kan markere inngang til det innhegninga.

Den mest sannsynlege tolking er at innhegninga er oppført ut frå praktiske omsyn. Truleg er det tale om ein dyreinnhegning der f.eks. sau kan have vore gjerda inn i periodar. Den stolpebygde dyreinnhegninga skal sannsynligvis settast til eldre jernalder uten at underperiode kan bestemmast.

Eldre jernalder var frå ca. 500 f.Kr. til ca. 570 e.Kr.

Det er også tre grøfter i same område. Dei er kun bevart fragmentarisk, men viser felles trekk. De tre grøftene syns å ramme inn same område og derfor bør dei tolkast som et samanhengande system. Grøftene består av tre segmenter på henholdsvis 3,5 meter og 11,5 meters lengde og den sørlege grøft på litt meir enn 3,5 meter. I profil teiknar grøftene seg som lave flatbotna fordjupingar. Dei er bevart i 4-5 cm djupne med bredde mellom 15 og 30 cm.

Grøfter som desse er kjent frå ein rekke buplass funn frå eldre jernalder. Det er ikkje noko som tyder på hus konstruksjon på felt I, men de to grøftene kan ha ramma inn eit aktivitetsområde i nærleiken til ei busetting der romartidsbrønnen hører til. Det fører frem til ei tolking som for de stolpe liknande strukturane ovanfor at her kan ein ha funne rest av ein dyreinnhegning.

Gruver

Det er avdekka fire forskjellige gruver under utgravinga. Dette er anlegg som representerer aktivitet i forbindelse med ei busetting og det kan vere frå såvel matlaging som produksjon og handverk. Gruve med samansett fyll og gruve med brannfyll ligg jamt sprett ut over felt I utan at det kan definerast ei nærmare avgrensing. Det er ein viss konsentrasjon litt sydvest for midten av feltet. Kokegruver synes å unngå dette sentrale området og eld gruvene konsentrerer seg nettopp her. Det avdekka felt I klargjer ikkje direkte kva aktivitet det er tale om, men det er eit typisk trekk ved busetting frå eldre jernalder at anlegg som gruver samlar seg i aktivitetsområde, områder der spesielle aktivitetar har skjedd. Det at gruvene ikkje er spreidd tilfeldig gjer det sannsynlig at de tilhører den same busetting.

Dyrkingsspor

Spor etter forhistorisk oppdyrking er funne i felt II. Det dreier seg om et større område med ardspor sentralt i feltet og over to dyrkingslag.

Under dyrkingslaga låg ardspor med parallell pløying. Pollenprøver blei tatt ut frå fem lag i profilen, den nederste prøven frå laget tilhøyrer ardspora. Datering av laga til yngre jernalder - mellomalder viste at ein her har dyrkningslag frå yngre tidsperiodar enn dei dyrkningslag som har blitt undersøkt i Sogn og Fjordane i løpet av de siste åra.

Polleninnhaldet er mykje det same i dei seks analyserte prøvene av dyrkingslaga. Dette betyr at ein kan ha hatt vertikal transport av pollen og at prøvene dermed viser et gjennomsnitt av den aktivitet som har skjedd. I så fall kan ein konkludere med at bygg og havre har blitt dyrka og engvegetasjon, sannsynligvis både beitemarker og slåttenger har eksistert.

Ugrassamansetninga indiker næringsfattig og surt jordsmonn. Dersom dei små endringane som skjer i prøvene reflekterer ulike fasar og polleninnhaldet er representativt for disse fasane, ble bygg og havre dyrka både i yngre jernalder og i mellomalderen. Rug har ikkje blitt dyrka i Eikefjord i disse periodane.

Ei pollenprøve representerer som oftast ei blanding av vegetasjonen gjennom fleire år, noko som kan vere et problem ved analyser av antatt åkerjord. Det jamne forholdet mellom åker- og engplanter i alle prøvene indikerer likevel at det er åkeren på staden, omgitt av enger, som er reflektert i polleninnhaldet.

Det opne kulturlandskapet var etablert før dyrkinga på staden starta.

Full rapport finn ein hos Universitetet i Bergen.

Den arkeologiske rapporten er utarbeidd av Søren Diinhoff
Den botaniske rapporten er utarbeidd av Kari Loe Hjelle.

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Tuna Development Ltd