Dårleg vegstandard og lange reiseavstandar har vore eit problem i Sogn og Fjordane. Byggjinga av den 6 km lange Naustdalstunnelen korta ned reisetida mellom Førde og Florø med opp til 15 minutt. Naustdalstunnelen er eitt av fleire bompengeprosjekt som har gitt fylket eit mykje betre og meir funksjonelt vegnett. Tunnelen opna 18. august 1995.

Fire alternativ
Heilt frå 1970 vart det arbeidd for å utbetra strekninga over Ramsdalsheia på riksveg 5, men det var ikkje før bompengar kom inn som ein del av finansieringa, at prosjektet kunne realiserast. Fleire utbetringsalternativ vart drøfta. To alternativ som innebar utbetring over Ramsdalsheia og tunnel frå Naustdal til Storebru, vart tidleg forkasta. Tilbake stod anten tunnel Horstad-Ramsdal eller Jonstad-Svarthumle. Det siste alternativet vann fram av di det gav best nyttekostnad. I juni 1992 vart prosjektet vedteke i Stortinget, og 7. juni 1993 vart den første tunnelsalva avfyrt på Svarthumlesida.

Ramsdalsheia ein flaskehals
Naustdalstunnelen fjerna ei vegstrekning med svært dårleg standard mellom Førde og Florø. Vegen over Ramsdalsheia, bygd i 1940-åra, var ein flaskehals i eit svært viktig vegsamband. Sjølv om vegen etter kvart vart utbetra nokre stader, hadde tungtrafikken ofte store vanskar med fjellovergangen. I 1992 var årsdøgntrafikken 844 bilar. Rundt 17 % av trafikken var tunge køyretøy. Etter opninga av Naustdalstunnelen i 1995 var årsdøgntrafikken 1000 køyretøy.

Kostnader
Tanken var å finansiera anlegget gjennom bompengar, men høge realrenter og låg trafikkutvikling hadde gitt mange bompengeselskap problem med tilbakebetaling av lån. Fylkeskommunen var difor villeg til å ta ein del gjennom ordinære riksvegløyvingar. Anlegget vart difor planlagt finansiert både med offentlege løyvingar og ved bompengar. Kostnadsoverslaget var på 165 mill. kroner, men prosjektet vart bygd for 151 mill. kroner. Av dette løyvde staten 52%. Det resterande var lån som bompengeselskapet tok opp.

20100320-250-svarthumle099Bompengar
Bompengeselskapet A/S Sunnfjordtunnelen, skipa av kommunane Førde, Flora og Naustdal i 1986, stod for bompengeinnkrevjing då vegen opna for trafikk i 1995. Bompengeperioden var sett til 13 år, men vart forlenga nokre år av di Sunnfjordtunnelen A/S forskotterte 126,5 mill. kroner til vidare utbetring på strekninga Førde-Florø.
Innkreving av bompengar vart avslutta med stor markering i Svarthumla 20/3-2010. Tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth stod for den høgtidlege nedlegginga.

Ikkje berre tunnel
A/S Veidekke var hovudentreprenør, og hadde 45 tilsette i anleggstida. Til saman var heile vegstrekninga 8,2 km. Av dette var 5960 m tunnelen, 2200 m veg i dagen og bru over Svarthumleelva, Dessutan omfatta prosjektet 400 m gang- og sykkelveg, rasteplass og to kryss med 230 m sekundærvegar. Tunnelen fekk to snunisjer for store køyretøy og fleire havarinisjer for naudstopp. Tunnelen har mobiltelefondekning og radiodekning.

Overskotsmassar kom til nytte
65 000 m3 myr skapte hovudbry, men vart plasserte delvis i skråningar og på 47 mål jordbruksareal på Svarthumlesida. I samarbeid med Naustdal kommune vart det fylt ut 90 000 m3 masse til småbåthamn og badeplass i sentrum. Kommunen stod sjølv for planleggjing og opparbeiding.

Vegopning
Naustdalstunnelen vart opna 18. august 1995. Det var møtt fram mykje folk som ville vera mellom dei første som køyrde den nye vegen. Samferdselsminister Kjell Opseth stod for opninga, og sa at det var ei glede å opna eit veganlegg som er ein ny lekk i å gjera fylket mindre og knyta folk tettare saman. Naustdalstunnelen var eit viktig steg i å få eit fullgodt vegsamband mellom Førde og Florø. Ti år seinare var heile strekninga frå Førde til Florø ferdig utbetra. Førde-Florø har vorte eitt arbeidsområde. Mange pendlar begge vegar. Og samarbeidet har utvikla seg positivt mellom dei to sunnfjordbyane.

Kilde: Fylkesarkivet

Opphavsverna © 2017 Eikefjord.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

logg-inn

Design og utvikling:
Inova Light Ltd